Lyng og grasbrann i Eikefjord

DEL

Alarmsentralen i Florø melder om full utrykking til ein gras- og lyngbrann i Eikefjord. Politiet fekk meldinga 14.14 og kunne melde om at naudetatane var på veg.

– Vi er ikkje kome fram til staden enno, så vi har ikkje meir informasjon enn det, melder alarmsentralen.

Operasjonsleiar Steinar Husvik ved operasjonssentralen i Bergen fortel at dei har vore i kontakt med folk på staden som seier at det ikkje skal vere fare for at brannen spreier seg til busetnad i området, men då det er vind i området så kan dei ikkje slå noko fast per no.

Om lag kl. 14.45 melder brannvesenet at dei er på staden og har kontroll på brannen. Det skriv politiet på Twitter.


Vi kjem attende med meir

Artikkeltags