Gå til sidens hovedinnhold

Lydsignal skal skremme niser vekk frå fiskegarn

Niser kan bli opp mot 24 år gamle, men få av dei blir eldre enn 12 år fordi dei endar livet sitt i eit fiskegarn. I snitt døyr 2.871 niser årleg av kveling i norske fiskegarn. No skal lydsignal skremme nisene bort frå garna.

Sidan 2006 har Havforskingsinstituttet (HI) samla inn data på kor mange niser som vert fanga i norske fiskegarn. Tala stod nyleg i ein artikkel i ICES Journal of Marine Science.

– Det varierer frå i underkant av 2.000 til over 4.000 i året. Det heng saman med at fiskeinnsatsen også varierer, seier André Moan, stipendiat ved HI, på instituttet sine nettsider.

Niser er pattedyr, og det er derfor lett å tenkje seg at nisene som set seg fast i garn, får vatn i lungene og til slutt døyr av drukning, men det gjer dei ikkje.

– Dei opnar ikkje pusteholet, så det kjem ikkje noko vatn inn. Men dei døyr av kveling, seier Moan.

No har forskarane testa ut små akustiske sendarar som kan monterast fast på fiskegarna for skremme nisene.

– Niser bruker ekkolokalisering for å finne fram og for å finne mat. Så dei har fantastisk god høyrsel i eit bestemt frekvensområde, seier Moan.

Dei små apparata på fiskegarna sender ut små «pling» i rett frekvens, som gjer at nisene held seg unna.

– Vi veit ikkje om det kjem av at lyden bråkar, er ubehageleg eller om dei forstyrrar ekkolokaliseringa, men det verkar, seier niseforskaren.

Forskarane har gjort fleire feltforsøk som stadfestar effekten av plinga. I 2018 og 2019 hadde 7–8 fiskebåtar plingarar på garna sine annakvar veke. Då vart det tatt 20 niser, alle i garn utan «lyd».

(©NPK)

Kommentarer til denne saken