Gå til sidens hovedinnhold

Lummert og vått onsdag – varslar styrtregn

Artikkelen er over 1 år gammel

Det er meldt om styrtregn og høge temperaturar i Sør-Noreg onsdag.

Etter dagar med knallvêr i Sør-Noreg er det onsdag venta styrtregn og høge temperaturar i Sør-Noreg.

– Det vil nok bli ei veldig klam kjensle utover dagen i dag, seier vakthavande meteorolog Pernille Borander til NTB.

Meteorologisk institutt har også sendt ut farevarsel om styrtregn i Sør-Norge, men det ser ut som kysten kanskje kan sleppe unna.

Litt kaldare

Ifølgje Borander er det venta kraftige regnbyer i indre og midtre strøk frå Trøndelag og heilt ned til Agder. Det blir likevel ikkje like varmt som dei siste dagane.

– Både på Austlandet, Vestlandet og i Trøndelag er det potensial for ein makstemperatur opp mot 28 grader. Men det blir ikkje like varmt som tysdag, då vi hadde 30 grader tolv stader, seier meteorologen.

Også i nord er det meldt god temperatur fleire stader.

– Spesielt i Nordland, som får det varmast. På Helgeland kan det bli opp mot 25 grader. Og i indre strøk i Troms og Finnmark kan det bli mellom 20 og 25 grader, seier Borander.

Framleis ingen tropenetter

Trass i dei høge temperaturane i det siste har vi framleis ikkje hatt nokon tropenetter. Heller ikkje natt til torsdag, ifølgje Borander.

– Det ser ikkje sånn ut. Vi var jo ikkje så veldig langt unna i natt heller. Det vart 19 grader blank på Færder, og det er jo sånn det har vore dei siste dagane. Vi har ikkje vore langt unna, men det har ikkje vorte nokon tropenetter hittil, seier ho.

– Havet må nok bli litt varmare før vi når ei minimumsgrad på 20 grader på natta, legg Borander til.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken