Over 1,1 millionar planlagde dagsverk i Vestland blei ikkje utført på grunn av sjukdom i dei første tre månadene av 2022. Nesten halvparten av dei sjukemeldte hadde sjukdom i luftvegane, viser tal frå NAV Vestland.

Det legemeldte sjukefråværet enda på 6,4 prosent, mot 5,6 prosent i same tidsrom i fjor. I tillegg kjem korte fråvær med eigenmelding, som ikkje blir registrerte hos NAV. Sjukefråværet i Vestland ligg litt over landsgjennomsnittet.

Fråværet auka i alle næringar

Helse- og sosialtenester skil seg ut med høgast fråvær av alle sektorar: 9,3 prosent, mot 8,4 prosent i første kvartal i fjor. Sjukefråværet auka for alle næringar, begge kjønn og alle aldersgrupper, med unnatak for arbeidstakarar over 60 år.

– Det er høge tal, men trøysta er at luftvegsplager går fort over hos dei fleste. Frå NAV si side er vi meir bekymra over langtidsfråværet, som for ein stor del skuldast muskel- og skjelettlidingar og psykiske helseplager, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland.

Samarbeid skal hjelpe fleire tilbake i jobb

NAV Vestland samarbeider med helseføretaka i fylket etter modellen «HelseIArbeid». Her får bedrifter med høgt sjukefråvær kunnskap om førebygging og handtering av helseplager slik at dei kan legge betre til rette for medarbeidarane. Enkeltpersonar med muskel- og skjelettplager kan få oppfølging frå helsepersonell og NAV-rådgivarar samtidig.

– Vi veit at arbeid betyr mykje for helsa. Jo lenger ein går sjukemeldt, jo meir krevjande er det å kome tilbake. Tanken bak «HelseIArbeid» er å sjå heile mennesket, seier Bogsnes.

Deltakarane blir tilvist av lege og kjem raskt til utgreiing, behandling og samtale med psykolog ved behov. Parallelt får dei oppfølging av NAV med sikte på å kome tilbake i arbeid.


Fakta om sjukefråværet i Vestland

- Høgast fråvær i Øygarden (7,6 prosent), tett følgt av Alver, Askøy og Hyllestad (7,5 prosent)

- Lågast fråvær i Aurland (3,3 prosent) og Gloppen (4,6 prosent)

- Kinn kommune hadde eit sjukefråvær på 6,3 prosent, tilsvarande 28.750 tapte dagsverk.

- Bremanger kommune hadde også eit sjukefråvær på 6,3 prosent, tilsvarande 5.319 tapte dagsverk.

- Sjukdom i luftvegane er årsak til 47 prosent av sjukefråværstilfella. Deretter kjem muskel- og skjelettplager med 18 prosent og psykiske lidingar med nær 11 prosent.

- Sjukefråværet i Vestland er det høgaste sidan første kvartal 2004. Då hadde Hordaland 6,9 prosent sjukefråvær og Sogn og Fjordane 6,2 prosent.