Gå til sidens hovedinnhold

Lovar ei annleis førjulsoppleving for heile familien

Teater Vestland er for tida på turné med juleklassikaren «Jenta med fyrstikkene», og lovar ei annleis førjulsoppleving for heile familien.

Teateret skal besøke 14 spelestader i Vestland fylke, med til saman over 30 framsyningar. «Jenta med fyrstikkene» passar for barn frå fem år og oppover. Regissør Miriam Prestøy Lie håper at familieframsyninga kan inspirere barn til å bruke stemma si og til å stole på at den blir høyrt.

Publikum får oppleve ei nær, sanseleg og fantasirik teaterverd. Scena er flytta midt ut på golvet i form av ei vinterleg gate, og det blir sitjeplassar på begge sider. Komponist Thea Hjelmeland har skapt musikken som lukkar publikum inne i teateruniverset.

– Eg vil viske ut skiljet mellom framsyninga og publikum lite grann og invitere ungane inn. Dei får vere med og bygge gata, røper regissør Miriam Prestøy Lie.

«Jenta med fyrstikkene» skal setjast opp i Stryn, Nordfjordeid, Sandane, Høyanger, Årdal, Husnes, Bømlo, Åsane, Voss, Aurland, Sogndal, Florø, Dale og Førde.

Det er ikkje utan grunn at denne framsyninga er på repertoaret no rett før jul. Den avsluttar den politiske hausten på Teater Vestland.

– Vi begynte med dokumentarteater om norsk landbruk, heldt fram med politisk satire og avsluttar no med «Jenta med fyrstikkene», ei annleis familieframsyning om utanforskap og naud, men som også tilbyr løysingar vi vaksne kanskje ikkje har tenkt på, seier teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.

– Barn og vaksne har det same behovet for forteljingar som opnar for nye refleksjonar, nye tankar om oss, om verda vi lever i og kva det vil seie å vere menneske., legg ho til.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken