1980-talet blir gjerne kalla jappe-tida i Norge. Willoch-regjeringa (H, KrF og Sp) deregulerte og liberaliserte bank- og finansmarknaden,noko som førte til ukontrollert utlånsvekst og ei bankkrise frå 1988, der staten måtte gå inn med kapital for å berge stumpane for bankvesenet.

I 1990 fekk Jan P. Syse si trepartiregjering vedteke ei ny energilov, som liberaliserte kraftmarknaden og gjorde elektrisk straum til ei børsvare.

I 1997 fekk Bremanger status som omstillingskommune på grunn av fallande folketal og pressa kommuneøkonomi. Det vart sett i verk eit omstillingsarbeid organisert gjennom Bremanger Vekst.

I år 2000 kom den direkte utløysande faktoren for kjeda av hendingar i Terra-saka.

Stortinget vedtok ny kommunelov som gav auka handlefridom og ansvar, og påla kommunane å drive med si eiga aktive finansforvaltning.

LÅGE OG USTABILE KRAFTPRISAR

Låge og ustabile prisar på vasskraft på 1990-talet førte til at ein såg etter alternativ for å auke inntektene i kraftkommunane.

BREMANGER VAR OMSTILLINGSKOMMUNE

Bremanger sleit med aukande fråflytting på 1990-talet og fekk statlege omstillingsmidlar. Kraftinntektene peika seg ut som eit område kommunen burde få meir ut av.

KRAFTKOMMUNEN VIK VAR «BJELLESAU»

Vik kommune sleit økonomisk og hadde hamna i Robek-registeret. Dei gjekk i front for arbeidet med å auke inntektene sine.

I 2001 begynte Bondevik 2-regjeringa og kommunalminister Erna Solberg å svinge øksa over kommuneøkonomien.

Det var ei fanesak for regjeringa at kommunane kunne drivast langt meir effektivt økonomisk og at mange kommunar har store unytta inntektspotensiale.

Kommunalminister Erna Solberg bad om innspel i arbeidet med å forenkle lover og reglar og kalla inn til idékonferanse i Oslo med ordførarar og rådmenn. Ho påpeika at norske kommunar samla kunne drive 20 milliardar kroner billegare.

Sparebank-eigde Terra fridde til kommunane

Sparebank-eigde Terra Fonds (seinare Terra Securities) var mellom dei som såg forretningsmoglegheiter i kommunane og lanserer sitt konsept for å sikre stabile kraftinntekter.

Terra-modellen

Terra ville formidle eit banklån mot ti års avtalt pris på konsesjonskraft. Lånebeløpet skulle plasserast i aksjemarknaden med høgare avkastning enn rentemarknaden elles og gje stabile inntekter på konsesjonskrafta.

Bremanger og Terra møttest i eit bergingsforsøk av lokalbanken

Leiinga i Bremanger kommune kom i kontakt med Terra via eit møte som handla om å reise kapital for å berge den kriseråka Flora-Bremanger Sparebank.

Bremanger kommune følgjer etter Vik kommune, og i april 2001 gir formannskapet i Bremanger grønt lys for å engasjere Terra for å auke kraftinntektene. Dei to kommunane var også del av nettverket i Landsamanslutninga for vasskraftkommunar (LVK).

Vedtaket: Kommunen inngår samarbeid med Terra Fonds om restrukturering av konsesjonskraft.

Det betyr i praksis at det blei tatt opp eit lån i DNB med tryggleik i 10 års kraftinntekter og at Terra Kapitalforvaltning står for investeringar i aksjar.

I samband med avtale og låneopptak må kommuneleiinga signere på at detaljane i avtalen med Terra er fortruleg.

Bremanger kommunestyre vedtok det første finansreglementet på slutten av året. Revisor hadde merknader til risikoprofil og krav til rapportering og kontroll. Dei blei ikkje tatt til følge.

TERRA-AVTALEN VAR VELLYKKA DEI FØRSTE ÅRA

Bremanger får god inntening på konsesjonskrafta i starten på avtalen.

Vi hadde aldri hatt så godt utbytte av konsesjonskrafta som gjennom Terra-avtalen.

Ordførar Einar Kjerpeset (1999-2003)

STRAUMPRISANE AUKA FRÅ 2002

Marknadsprisane på vasskraft auka kraftig frå 2002. Det gjorde at dei fleste andre kraftkommunane let vere å slenge seg på Terra-karusellen.

TURBULENS I AKSJEMARKNADENE

I kjølvatnet av dot.com-krisa i USA, vart det vanskelegare å tene pengar på aksjer.

VIK-BREVET I SEPTEMBER 2002

Kommunerevisor i Vik ba om lovlegkontroll, men statsråd Erna Solberg og kommunaldepartementet i Bondevik 2-regjeringa (H,KrF og V) slår fast at investeringane i Vik og Bremanger er lovlege.

Sjølv om Bremanger formelt stod ansvarleg for eit låneopptak i DNB, skulle det ikkje reknast som eit lån etter reglane i kommunelova.

Denne lova slår fast at kommunane ikkje kan ta opp lån til spekulasjon i finansmarknaden.

VIK-BREVET BRUKT SOM SALSARGUMENT

VIk-brevet brukar Terra-forvaltarane som dokumentasjon når dei jobbar aktivt for å få landets kraftkommunar til å investere endå meir.

No var reven sleppt inn i hønsegarden.

TERRA BYGGER TILLIT MED KUNDETURAR

Kapitalforvaltarane i Terra startar opp med å ta med seg ordførarar og kommuneleiarar på turar med fagleg innhald til ulike stader i Europa, for å sikre eit positivt kundeforhold.

I perioden 2001-2007 var Bremanger med på sju turar.

KREATIVE FINANSFOLK I USA

Med usikker inntening i aksjemarknaden grunna dot.com-krisa begynner finansielle ingeniørar jobben å utvikle nye samansette investeringsprodukt i USA.

2003 betyr slutten på første fase i Terra-saka og starten på den andre – der investeringar til slutt kjem ut av kontroll.

Flora-Bremanger Sparebank eksisterer ikkje lenger og er fusjonert inn i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Ola Sundt Ravnestad, finansmeklaren som var innvolvert i skandalen med feilslåtte pengeplasseringar i selskapet Sunnfjordtunnelen AS, har gått i bresjen for å etablere eit eige meklarhus for sparebankane. Terra Securities blir etablert og overtek kommunane sine engasjement.

Dei to kapitalforvaltarane, Knut Anders Opstad og Harald Nordberg, som tidlegare hadde ei fastsett godtgjersle, blir no meklarar som personleg tener pengar på provisjonar på kvar enkelt transaksjon.

KOMMUNEVAL OG SKIFTE AV ORDFØRAR

Senterpartiet og ordførar Einar Kjerpeseth taper valet og Ap-ordførar Kåre Olav Svarstad tek over den politiske leiinga av Bremanger kommune.

TERRA LANSERER NYE PRODUKT

Terra-meklarane foreslår at i tillegg til konsesjonskraftinntekter, så bør kommunen ta i bruk fleire inntektsstraumar til investeringar i finansmarknaden.

Dei vil investere inntekter frå både heimfallsmidlar, husleigeinntekter, eigedomsskatt og konsesjonsavgift.

NYE TYPAR VERDIPAPIR

Terra Securities tilrår kommunen å flytte investeringane over frå aksjar til nyutvikla typar internasjonale verdipapir, såkalla strukturerte produkt. Først CLN og til slutt langt meir risikofylte CDO.

NYE TERRA-AVTALER HAUSTEN 2004

Kommunestyret godkjende samstemmig i desember at Terra Securities skal stå for «Restrukturering av heimfallsmidlar, eigedomsavgift og husleigeinntekter».

Saksutgreiinga var utarbeidd av dei betrudde Terra-meklarane og gav inntrykk av at dette var sikre investeringar med låg risiko.

ENDÅ EIN NY AVTALE VÅREN 2005

Kommunestyret godkjende i mars ein avtale om «Restrukturering av eigedomsavgift knytt til kraftverk.». Saksutgreiinga var nesten identisk med den i desember.

TERRA-MEKLARANE VAR I KOMMUNESTYREMØTET

Folkevalde som spurde om ikkje det var mykje risiko med investeringar, fekk forsikringar om at risikoen var låg. Terra-meklarar var tilstades for å svare på spørsmål.

SÅ BLEI DET STILLE OM TERRA-INVESTERINGAR

Ingen saker på politikarane sitt bord frå mars 2005 til slutten av 2007

SAMSTUNDES; LÅNEGALOPP I USA

Etter at dot.com-bobla sprakk i USA senka den amerikanske sentralbanken rentene for å blåse liv i økonomien. Lån blei så billege at det virka ulogisk å ikkje låne så mykje som mogleg.

ROTNE HUSLÅN

Lån blei kasta etter folk utan betalingsevne (subprimelån).

Bankane brukte låneagentar som prakka lån på folk mot provisjon.

Fortenesta låg ikkje lenger i renter, men provisjon for å selje og refinansiere lån.

FORUNDRINGSPAKKAR MED GJELD

Bankane forstod at det høge volumet av lån ville gje store tap.

Kreative finansingeniørar fann ut at dei kunne beskytte seg ved å klippe opp låna og plassere gode og dårlege lån i lag i verdipapirfond. Desse forundringspakkane blei selt til investorar internasjonalt.

CITIBANK VAR LEVERANDØR

Amerikanske Citibank var via Terra Securities dei norske kommunane sin leverandør av finansielle og komplett uforstålege forundringspakkar med gjeld.

KONFIDENSIELT

Finansforvaltninga blei handtert fortruleg og konfidensielt av kommuneleiinga i tråd med avtalen med Terra Securities.

SJOKK I OKTOBER 2007

I november 2007 sprekk Terra-bomba i Norge, etter eit oppslag i Finansavisen om tap i kommunar i Nord-Norge.

Vi kjenner oss makteslause og lurte av rådgjevarar som har sagt at pengane er sikra. Dei har heile tida sagt at det verste som kan skje er at vi berre får att verdien vi sette inn.

Ordførar Kåre Olav Svarstad

FOR GALE TIL Å VERE SANT

Med vantru må folkevalde og befolkninga elles konstatere det utrulege. Bremanger kommune har tapt enorme millionbeløp.

ENORMT MEDIESIRKUS

Ordførar Kåre Olav Svarstad hamnar i eit voldsomt mediesirkus

ÅTTE KRAFT-KOMMUNAR TIL OSLO

Representantar for åtte kraft-kommunar med Terra-avtaler møter kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) i Oslo

FINANSMINISTEREN BA BANKANE BIDRA

Finansminister Kristin Halvorsen (SV) oppmodar bankane om å ta ansvar og bidra til å gjere tapa så små som mogleg

Leiinga i Terra-Gruppen får sterk kritikk frå Kredittilsynet for manglande internkontroll. Leiinga innrømmer skuld, manglande kontroll og at trigger-mekanismane ved stort verdifall ikkje var gjort kjent for kommunane. Meklarane på si side meinte dette ikkje var sant.

Konkursen i skifteretten

Kredittilsynet meinte også at produkta var så kompliserte at leiinga i kommunane ikkje kunne forventast å ha kompetanse på slike finansielle instrument. Dei peika på fleire lovbrot og varsla inndraging av selskapet sitt løyve til å drive i bransjen.

Terra Securities går til skifteretten og slår seg konkurs.

Seinare slår styret i Terra-Gruppen på vegne av dei 79 eigarbankane fast at dei ikkje kan sjå at dei har noko ansvar for kommunane sine investeringar.

Den profesjonelle investoren Øystein Stray Spetalen uttaler dette om investeringane: «Det er så komplisert og lite informativt at det seier tilnærma ingen ting. Det er umogleg å forstå risiko og avkastning av dette.».

KONKURSSTYRET VIL HENTE VERDIAR HOS MEKLARANE

Leiinga i konkursbuet prøver å hente ut verdiar hos meklarane, men må gje tapt.

Revisor i buet meiner Terra Securities har fått inn kring 120 millionar kroner i provisjonar frå kommunane frå 2001-2007

SPAREBANK-KONKURRENTEN VILLE TA OVER

Sparebank 1 Gruppen foreslo å løfte kommunane ut av knipa, mot at dei blei eigarar i Terra-Gruppen.

Då kunne alle sparebankane i landet bli samla i ei gruppe. Men forslaget blei avvist.

2008: Solberg beklagar

Erna Solberg beklagar vurderinga kommunaldepartementet gjorde i 2002, etter at Justisdepartementet og Finansdepartementet slo fast at det var ulovlege investeringar.

BRUKT SOM SALSBREV

Erna Solberg innsåg at brevet hadde blitt brukt som lovlegbevis eller salsbrev.

MEINER KOMMUNANE GJEKK LENGER

Solberg tok ikkje ansvaret for at kommunane i 2004-2007 investerte i avanserte amerikanske verdipapir, som kommunaldepartementet ikkje vurderte i 2002.

I 2008, då rekneskapen for 2007 skulle godkjennast, var storleiken på dei raude tala svært usikker. I juni måtte kommunestyret godkjenne eit underskot på 181 millionar kroner for 2007.

Rett i Robek-registeret

Driftsrekneskapen isolert sett viste eit overskot på 22,4 millionar kroner for 2007. Men kor høg gjelda eigentleg var, visste ingen sikkert. Estimata varierte mellom 350 til over 400 milllionar kroner.

Alle frie fondsmidlar, 31,6 millionar kroner vart teke i bruk for å minimalisere tap.

Granskingsrapportar frå kommunerevisor og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane avslørte manglande saksbehandling, arkivering, journalføring, bokføring og rapporterting.

Etter pålegg frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane måtte administrasjonen legge fram ein 10 års nedbetalingsplan av Terra-gjelda.

NY RÅDMANN HAUSTEN 2008

Tom Joensen sluttar i Bremanger Vekst og tek utfordringa som rådmann og med ryddesjauen etter Terra-investeringane

FEKK KONSULENTHJELP - SLO ALARM

Frå og med juli 2009 rapporterte konsulentselskapet Wassum om utviklinga i gjeldsporteføljen.

Frå juli 2009 til august 2010 utvikla avtaler gjort via Fokus Bank (oppkjøpt av Danske Bank) seg frå 31,8 millionar i minus til 95,2 millionar i minus.

Joensen fekk Fylkesmannen til å gjere ein ny lovlegkontroll av investeringane.

Det er vi som sit att med Svarteper, uansett kva som skjer.

Tom Joensen

NYTT SJOKK

Det blei oppdaga at det var gjort ei endring i finansreglementet i Bremanger kommune i 2006.

OPPDAGA FEM AVTALAR INGEN VISSTE OM

I 2006 og 2007 hadde Terra gjort fem swapsjonar, rentebytteavtalar, på vegne av Bremanger kommune.

Dei var signerte av rådmannen og endringa av finansreglementet vart meldt inn som dokumentfalsk.

INGEN TILTALE

Politiadvokaten reiste ikkje tiltale, fordi det ikkje låg føre motiv om personleg vinning.

Rådmann og økonomisjef aksepterte eit forelegg i saka. Økonomisjefen heldt fram i si stilling.

SVIMLANDE TAL

I 2010 låg kommunen an til eit akkumulert underskot på over 200 millionar

350 MILLIONAR KRONER

Då Terra-saka sprakk i 2007, opplyste Bremanger kommune at det var teke opp lån til finansielle investeringar på 170 milllionar

Etter kvart vart det kjent at det dreia seg om kring 350 millionar kroner

Terra-saken avdekket at lovverket som har som formål å beskytte kommunenes økonomi var for svakt

Stinessen og Larsen i advokatfirmaet Lund og Co

TI ÅRS RYDDEJOBB

Kommunedirektør Tom Joensen har jobba i ti år med rettsprosessar i kjølvatnet av Terra-saka.

UT AV ROBEK I 2022

I 2022 blei Bremanger kommune endelege herrar i eige hus då Statsforvaltaren melder at dei ikkje lenger skal ha overoppsyn med investeringar og økonomistyring.

HØGSTERETTSDOM GJER AT EIN AVTALE STÅR ATT FRAM TIL 2036

Rentebytteavtalen med Danske Bank varer fram til 2036. Avhengig av renteutviklinga kan den slå ut både positivt og negativt på kommuneøkonomien.

Les også

Bremanger sin veg inn og ut av Terra-fella