På bestilling av Lokalsamfunnsforeningen har Kommunekonsult skrive ein rapport om Kinn kommune bør halde fram eller delast i nye Flora og nye Vågsøy kommune. Faktorar dei har sett på er avstandane i kommunen, befolkningsvekst og moglegheiter for næringslivet. I konklusjonen skriv dei følgande:

– Når det gjeld regional utvikling, næringsutvikling, befolkningsutvikling og samfunnsutvikling meir generelt må det vere klart mest fordelaktig for Vågsøy og Flora å vere eigne kommunar.

Lokalsamfunnsforeningen er ein organisasjon som seier dei arbeider for lokaldemokrati og desentralisering, og skriv på sine sider at dei ønsker å delta i debatten om kommunestrukturen og det lokale folkestyret.

Tidlegare har dei bestilt liknande rapportar av Kommunekonsult for andre kommunar, der alle har konkludert med at reversering er det beste alternativet.

– Kan reknast som uavhengig

Leiar for Lokalsamfunnsforeningen, Svein Olav Agnalt, seier at rapporten kan reknast som uavhengig. Han avkreftar at dei har ein tilknyting til konsulentselskapet, anna enn at dei har nytta dei i tidlegare oppdrag.

– Denne rapporten er like uavhengig som alle andre, skrive av ekspertar på området.

Sjølv om Lokalsamfunnsforeningen er ein politisk organisasjon som er kritiske til kommunesamanslåing, meiner ikkje Agnalt at rapporten er eit politisk bestillingsverk.

– Alt er politikk. Denne rapporten er ein gjennomgang av ein problemstilling, med det resultatet vi venta.

Meiner BDO-rapporten er vanskeleg å stelle seg til

Ifølge Svein Olav Agnalt, som er leiar for Lokalsamfunnsforeningen, var rapporten bestilt av dei for å få informasjon frå fleire kjelder enn BDO-rapporten, som dei meiner er vanskeleg å stelle seg til.

Ifølge Bjarne Jensen, som er professor i offentleg økonomi og ein av dei to forfattarane av rapporten, skal denne rapporten ha eit sterkare fagleg innhald enn BDO sin, trass i berre ti dagar på å produsere den.

– Før samanslåinga låg tung samfunnsanalyse til grunn. I tillegg til dette har vi nytta tidlegare forsking frå telemarksrapporten og ein tidlegare rapport eg har skrive for Nei til Kinn, fortel Jensen.

Avstand og folketal

Rapporten tek for seg folketal som eit sentralt argument, og påstår det er ein av dei viktigaste indikatorane for samfunnsutviklinga i ein kommune.

Dei viser til at i Måløy har folketalet gått ned, medan det har stagnert i Florø. Dei konkluderer då med at dei ikkje har sett verknaden av kommunesamanslåing med tanke på befolkningsvekst.

– Den viktigaste grunngjevinga for Kinn kommune var at den skulle gi sterkare befolkningsvekst og næringsutvikling i både Flora og Vågsøy. Så langt har ein ikkje sett slike verknader, står det i konklusjonen.

Det dei trekker fram som den største utfordringa med Kinn kommune, er reiseavstandane.

– Ingen andre kommunar i Norge har så lange reiseavstandar som Kinn, står det i rapporten. Seinare skriv dei at dette er utfordrande for administrasjon, pendling og nyetableringar i næringslivet.