Har du fått denne meldinga på Facebook? Då må du ikkje trykke på den

VIRUS: Dette viruset spreier seg på Facebook. Om du får denne meldinga i innboksen din må du ikkje trykke på den. Foto: Privat
FORBRUKAR: Eit nytt virus kamuflert som ei YouTube-lenke spreier seg på Facebook.
Har du fått meldinga «Er det verkeleg deg?» i Facebook-innboksen din dei siste dagane? Dette er ikkje ein video av deg, men eit forsøk på å hente inn brukarnamnet og passordet ditt, skriv nettavisa Tek.no ifølge Firda.
Avisa har snakka med fleire personar og kva som skjer når ein trykker på lenka ser ut til å variere. Men det handlar om to ting: å spreie beskjeden vidare til andre vener, og så få inn så mange brukarnamn og passord-kombinasjonar som mogleg.
Deira råd er:
– Ikkje trykk på videolenka.
– Om du har du trykt på lenka: ikkje skriv inn brukarnamn og passord.
Om du brukar same brukarnamn og passord-kombinasjon ein annan stad på nettet, kan tjuvane ha tilgang til langt meir enn berre Facebook-kontoen din. Viss du til dømes brukar ei Gmail-adresse for å logge på Facebook, og du har same passord begge stadar, kan tjuven ha tilgang til alle e-postane dine, skriv avisa.
Om du har gått i fella:
– Skift passord på Facebook snarast og alle andre kontoar som eventuelt deler den same påloggingsinformasjonen.
– Varsle venene dine om kva som har skjedd, slik at dei ikkje trykker på lenka som du har sendt ut.
– Om nokon allereie har skifta passordet ditt, må du tilbakestille dette så fort du kan via Facebook sin «gløymt passord-funksjon».
Kommentarer til denne saken