Sjekk luksusyachten som er i Bremanger!

DEL

54 meter lange «Forever One» er ein av luksusyachtane som har skal innom Kalvåg og Knutholmen denne sommaren. For tida ligg den ved anker inne i Vindspollen, fortel Rune Nordbotten til Firdaposten onsdag like etter lunsj.

– Den var ikkje der i går kveld, så den har nok komme i løpet av natta eller i dag tidleg, seier han.

Yachten har allereie vore innom Kalvåg. I kveld kjem den attende der den mexicanske eigaren, mangemilliardæren Bruce Grossmann og selskapet hans skal ete ein betre middag på Knutholmen. Det er tredje gongen Grossmann er i Norge, og andre gong han er i Bremanger.

Grossmann eig Grupo Continental, som består av 46 brus-relaterte selskap over heile Mexico som gjer alt frå sukkerrafinering til flaskeproduksjon og fylling av flasker. Selskapet har også ansvaret for Coca-Cola-distribusjonen over heile Mexico, derav dei raude detaljane på «Forever One».

Yachten er for øvrig kalla opp til ære for kona til Grossmann, Elsa, som er hans kjære for evig.

Her kan du lese meir om Grossmann og «Forever One».

Artikkeltags