Xzwer: – Skriv kva eg vil

Foto:

Av
Artikkelen er over 8 år gammel

Michael Kildal, kjent som rapparen Xzwer, er meld til politiet for trakassering. – Eg fjernar aldri teksten frå nettet, seier han, etter å ha fått frist til måndag frå politiet.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Michael Kildal (18) syng om ting han har opplevd, og det er kjent i Florø at dei engelske tekstane gjerne inneheld ord som «hore» og «ludder». Men no meiner fleire at den unge rapparen har gått for langt, så langt at han har blitt meld til politiet. Den siste teksten hans som er publisert på nettet inneheld svært grove karakteristikkar av ein ikkje namngjeven person.

Frist til måndag

Som rapparen Xzwer meiner Michael at han kan skrive kva han vil, og publisere materialet kor han vil.

– Politiet kontakta meg og bad meg fjerne den siste teksten min «I'm a playa and you're a dirty hoe». Eg fekk frist på meg til måndag, men det er ikkje aktuelt å fjerne noko.

– Kvifor vil du ikkje fjerne teksten, og slik unngå bråk og bruk av politiressursar?

– Eg er musikar. Om denne songen handlar om ein bestemt person eller ikkje betyr ikkje noko, eg lever for musikken. Alt eg skriv er hundre prosent kjensler. Alt som skjer i livet mitt blir på ein eller anna måte blanda inn i musikken.

Trakassering

Michael har ikkje forståing for at nokon kan meine at songen hans er krenkande.

– Viss nokon vil meiner det er det opp til dei.

– Har du laga liknande tekstar før?

– Ja. Den førre teksten som kan samanliknast hadde enda råare språk.

– Kva trur du vil skje no?

– Enten trekkjer dei saka, fordi dei ser at det er for dumt å melde dette. Eller så kjem saka til å bli lagt bort.

Inspirasjon frå Eminem

Kildal fortel at musikkforma hans er inspirert frå amerikansk rap (uttalast «ræpp»).

– Har du høyrt om andre musikarar som har blitt melde til politiet?

– Ikkje så mykje her i landet. Det var nokre rapparar som hadde krenka ein politimann, og dei måtte fjerne teksten. Eminem har låtar som krenker folk han kjenner, kor han brukar namnet deira i tittelen.

– Kva synest du om det?

– Det er å gå over streken.

– Kva seier du no til politiet?

– Folk eg kjenner er innbilske om dei trur det eg syng om handlar om dei. Dei einaste som kan ha rett til å melde meg til politiet må vere dei som forsvarar kvinner, kva kallar du dei?

– Feministar?

– Dei ja. Eg innrømmer at eg brukar negative uttrykk om kvinner. Men det er vanleg i kunstforma mi, og fansen min likar det.

Kjelder Firdaposten har vore i kontakt med stadfestar at Michael Kildal er meld til politiet, og at politiet har gitt han frist til å fjerne den aktuelle teksten.

FAKTA «XZWER»

Michael Kildal er kjent i Florø for musikkinteressa si, og for sine sjølvbiografiske tekstar i sjangeren «rap», «hip-hop», «r'n'b» og «soul»

Platemeldaren i Firdaposten, Roar Hansen, har kommentert om Xzwer at «saman med Punch har han sørga for at vi har eit særs oppegåande musikkmiljø her i Florø».

Artikkeltags