Kveldstrøbbel for Widerøe, to av flya frå Bergen er innstilt

DEL

Widereøe sitt fly frå Bergen til Florø, som skulle ha teke av frå Flesland klokka 19.55, og landa i Florø klokka 20.30 blei innstilt. Det same skjedde med flyet frå Bergen til Oslo, via Førde. Også det flyet skulle etter planen ha vore på vengene klokka 19.55.

Vi har foreløpig ikkje fått tilbakemelding frå Widerøe om kva som er årsaka til innstillinga.

Flyet frå Oslo som etter planen skal lande i Florø klokka 23.30 er venta å lande klokka 23.35.

Artikkeltags