Ny kansellering, denne gongen var det kveldsflyet som ikkje kom til Florø

NOK EI KANSELLERING: Widerøe fekk ikkje kveldsflyet frå Oslo i lufta søndag kveld, og passasjerar måtte overnatte i Oslo.

NOK EI KANSELLERING: Widerøe fekk ikkje kveldsflyet frå Oslo i lufta søndag kveld, og passasjerar måtte overnatte i Oslo.

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Søndag kveld stranda mange florøværingar i Oslo, etter at Widerøe måtte kansellere 18.40-flyet vestover.

DEL

Søndag kveld kom ikkje Widerøe-passasjerane seg heim til Florø som planlagt. 18.40-flyet fekk tekniske vanskar og måtte kansellerast.

Vinterferien blei dermed ufrivillig forlenga for fleire florøværingar som måtte overnatte i Oslo.

Morgonflyet til Bergen kansellert for tredje gong på åtte dagar 

Nok ein gong er det tekniske problem ved flya som forårsakar kanselleringane.

Ifølgje avinor.no skal morgonflya til og frå Florø gå som normalt i dag, måndag.

Artikkeltags