– Florø er ingen salderingsflyplass for Widerøe

Artikkelen er over 1 år gammel

Florø lufthamn er ikkje den einaste flyplassen i Sogn og Fjordane som slit med kanselleringar og regulariteten.

DEL

– Er det verkeleg slik at Florø blir ein salderingsflyplass for Widerøe, for å sikre betre regularitet ved dei andre flyplassane i fylket – som til ulikskap frå Florø er FOT-ruter? Dette er noko mange her i Florø nok spekulerer i, og som vi burde få klarheit i. Er det færre kanselleringar i resten av fylket samanlikna med Florø, tyder ting på at dette stemmer, seier FIN-leiar Bjørn Hollevik.

Widerøe sin operasjonsleiar er tydeleg i sitt svar: Dette stemmer ikkje.

– Eg skjønar at kundane kan tenke sånn når vi har ein del kanselleringar, men det er på ingen måte riktig, seier Endre Solheim i Widerøe og presiserer kvifor dette ikkje er tilfelle:

– Det dyraste eit flyselskap gjer, er å kansellere. Vi må få fram passasjerane uansett, og booke om. Dette er fordyrande, uansett. Og vi er veldig klare over kor viktig vi er for helikoptertrafikken på Florø, seier Solheim og strekar under:

– For oss er det ingen forskjell på FOT-ruter og kommersielle ruter, vi ønsker å levere alle rutene vi planlegg uansett.

For oss er det ingen forskjell på FOT-ruter og kommersielle ruter, vi ønsker å levere alle rutene vi planlegger uansett.

Endre Solheim Widerøe

Kva gjeld regulariteten og talet på kanselleringar i resten av fylket, er tala klare: Det står ikkje så mykje betre til blant FOT-rutene i fylket.

Tek vi dei tre mest trøblete månadane for Widerøe, altså november til og med 23. januar, var den totale regulariteten ved Florø lufthamn på 92,1 prosent. Av 643 planlagde flygingar, var 51 ruter kansellert. 21 på grunn av tekniske grunnar, 21 på grunn av mannskapsmangel.

I den same perioden var regulariteten ved Førde Bringeland på 92,9 prosent, altså marginalt betre enn Florø. Men i Førde hadde dei 481 planlagde flygingar og 34 kanselleringar. 19 på grunn av teknikken, 7 på grunn av mannskapsmangel.

Ved Sandane og Sogndal var det faktisk mykje verre enn her ute på kysten: Sogndal hadde ein regularitet på 88,3 prosent. Av 617 flygingar vart 72 kansellert. 31 på grunn av dårleg vêr, 27 på grunn av tekniske problem og 11 på grunn av crew.

Sandane hadde ein totalregularitet på 88,7 prosent. Av 282 flygingar vart 32 kansellert. 21 på grunn av vêret, 8 på grunn av tekniske problem og 2 på grunn av mannskapsmangel.

Artikkeltags