No kjem Scarabeo 5 - og den kan bli liggande lenge

Scarabeo 5 på veg inn til Florø onsdag morgon.

Scarabeo 5 på veg inn til Florø onsdag morgon. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

I morgontimane onsdag er riggen Scarabeo 5 på veg inn mot Florø. Her skal den ligge minst eit par veker hos Westcon, fortel plassjef Mikael Johansen.

Men før den kjem så langt blir Scarabeo 5 liggande på Florøvika eit par timar for å klargjere ankera sine, så det vert rikeleg med tid til å ta den gigantiske konstruksjonen i augesyn. Planen er at den skal vere kommen til kai på Westcon i 13-14 tida.

Johansen kan ikkje svare på eksakt kor lenge riggen blir liggande.

- Det veit vi ikkje, men i første omgong ca 2 veker. Då er det snakk om flytting av mykje utstyr om bord. Men vi held også på å forhandle om eit opplag i etterkant, opplyser Johansen.

Det vil vere om lag 70-80 tilsette i sving med Scarabeo 5 dei kommande par vekene.

- I tillegg er det sett i sving mykje catering og overnatting. Dei er ca 100 stykker om bord i riggen, som blir buande på der dei næraste to vekene, fortel Johansen.

Artikkeltags