Florø får rigg-besøk

Bideford Dolphin er på veg til Florø.

Bideford Dolphin er på veg til Florø. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Boreriggen Bideford Dolphin er på veg til Florø. Det melder Metal Supply NO. Riggen skal til Westcon Yards i Florø for å liggje i såkalla "varmt opplag", i påvente av nye oppdrag.

Bideford Dolphin kjem til Florø etter eit boreoppdrag på Sygnafeltet. Sygna ligg i Tampen-området i Nordsjøen.

Riggen var i Florø hjå Westcon Yards for å få utført vedlikehaldsarbeid hausten 2016, og var verftet sitt aller første riggoppdrag etter utvidinga av skipsleia.

Riggen er venta inn til Westcon Yards i løpet av neste veke.

Artikkeltags