«Eg kjende litt på dette med at du veit ikkje kva du har, før du har mista det. Etter tre år på austlandet er det godt å komme heim igjen»

Marie Stensvoll, her med sin nye sjef Mikael Johansen på verftet.

Marie Stensvoll, her med sin nye sjef Mikael Johansen på verftet. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Då utstyrs-giganten Dynatec fekk snusen i den unge maskiningeniøren si nyskaping, enda det med søknad om patent. No ventar ny jobb i heimbyen på florøjenta.

DEL

Då Marie Stensvoll (23) skulle skrive bacheloroppgåva, si var ho klar på at ho ikkje ville skrive ei oppgåve, berre for å skrive oppgåva, men ho ville gjere noko meir. I lag med Sondre Wollum Hansen (25) fekk dei eit samarbeid med bedrifta Dynatec om å levere eit verktøy til dei.

Duoen, som tok bachelor som maskiningeniørar ved Høgskulen i Østfold, fekk fleire moglegheiter, men enda til slutt opp på eit skjereverktøy som fjerna plast frå europallar. Dette vert til vanleg gjort for hand, men Dynatech ville ha det automatisert.

Idedugnad

– Vi starta med blanke ark, og byrja med fleire idear og skisser. Vi hadde eit tett samarbeid med Dynatec som hadde klare føringar på korleis produktet skulle sjå ut og fungere i praksis. Eit forslag var for stort, og eit ville ikkje fungere godt nok i praksis, men til slutt fann vi eit som dei var nøgde med, då gjekk vi vidare med det, seier Stensvoll, som no er heime Florø.

Eg kjende litt på dette med at du veit ikkje kva du har, før du har mista det. Etter tre år på Austlandet er det godt å kome heim igjen.

Marie Stensvoll, maskiningeniør

Dynatech betalte for alt av materiell og skjereverktøyet vart så bra at det vart søkt patent. Stensvoll og Wollum Hansen vart oppfinnarar, og det vart påskjønna med ein A på bacheloroppgåva. No er Stensvoll tilbake i Florø. Her har ho fått jobb på Westcon gjennom deira trainee-program, som dei har i samarbeid med Framtidsfylket. Stillingsnemninga er ingeniørfagleg prosjektleiar og hadde mellom 80 og 90 søkarar, men Marie fekk tilbodet allereie før bacheloren var levert.

Stor tillit

– Eg søkte på stillinga i mars og fekk svar allereie i april. Det er litt av ei tillitserklæring. I denne stillinga får eg prøve ut mykje forskjellig, og det gler eg meg til. Utdanninga mi er veldig generell, og då vert det interessant å prøve ut forskjellige ting, seier Stensvoll, som er klar på at Westcon var førstevalet når det kom til jobb.

– Eg har sambuar her, og Florø er jo ein veldig fin by. Eg kjende litt på dette med at du veit ikkje kva du har, før du har mista det. Etter tre år på Austlandet er det godt å komme heim igjen, fortel Stensvoll entusiastisk.

Satsar på jenter

Verftsdirektør Mikael Johansen seier det var ei samansett vurdering som gjorde at Stensvoll fekk jobben.

– Vi ser på ein heilskap. Vi ser etter nokon med teknisk utdanning, helst ingeniør, og på personen. Det er ikkje sjølvsagt at ein person med toppsnitt får jobben, vi ser vel så mykje på korleis personen er òg. Vi hadde også lyst på fleire kvinner inn på verftet, i tillegg betyr det ein del at ho er lokal og tek med seg kompetanse heim igjen til Florø, forklarar Johansen.

Trainee-stillinga omfattar mykje, og det er ein del krav, både frå Westcon og frå Framtidsfylket.

– Marie er vår tredje trainee. Stillinga har vi kjøpt frå framtidsfylket, der vi står for det faglege, medan dei skal ha ein del samlingar som går på individ. Dei stiller ein del krav og kjem på besøk av og til for å sjå korleis det står til, i tillegg har vi tett oppfølging på traineeane, forklarar Mikael Johansen.

Trainee-suksess

– Eg var veldig klar på at vi måtte ha denne type stilling på verftet. For det første er det ein måte for oss å fornye oss på, og for å forynge oss. Vi har også ein tanke bak det om at det kan hjelpe oss på sikt. Trainee-perioden er over eit år, og den fyrste har allereie blitt prosjektleiar hos oss, medan nummer to har fått ansvar for det tekniske på ei rammekontrakt frå Statoil, forklarar Johansen.

Etter eit år skal Johansen og Stensvoll prate om korleis det har gått, og då ventar det fleire moglegheiter. Anten å fortsette på studia, finne seg jobb ein anna plass, eller som dei to førre traineeane, å fortsette i bedrifta.

Artikkeltags