No er ho nominert til ein ny pris for arbeidet sitt

Wenche Hovland.

Wenche Hovland. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

JENTEPRISEN: I vår fekk ho Krisesentersekretariatets ærespris, denne gongen er det bistandsorganisasjonen Plan International som meiner leiaren for Krisesenteret i Sogn og Fjordane, Wenche Hovland, gjer ein strålande jobb.

DEL

«Hver dag står Wenche på for mishandlede kvinner og jenter som kommer til senteret. Hun er også en person som engasjerer seg i viktige saker som omhandler kvinner og barns rettigheter, og kjemper en daglig kamp for dem. Wenche gir aldri opp og derfor oppnår hun resultater for menneskene hun kjemper for», heiter det mellom anna i nominasjonsen.

Det blir peika på at spesielt Hovland sitt arbeid for "Yasmin" frå Somalia som levde eit liv som sexslave rundt om i Europa, og som UDI ønskjer å sende tilbake til Ungarn, blir trekt fram som eit eksempel på at jobben ho gjer betyr mykje.

Jenteprisen blir tildelt ein person, organisasjon eller ei bedrift i Norge som har gjor ein ekstra innsats for å stoppe vald, overgrep og diskriminering av jenter, anten det er i Norge eller ute i verda. Nominasjonsprosessen er open, og ein fagjury kårar vinnaren. Det står no 41 namn på lista, og Hovland befinn seg dermed i selskap av mellom andre Ulrikke Falch (skodespelar frå "Skam"), filmskapar Iram Haq, Snapkollektivet og Dronning Sonja.

Heile lista finn du her.

Sist Hovland fekk pris, var då ho fekk Krisesentersekretariatets ærespris. Her vart tildelinga begrunna med at innsatsen hennar gjennom åra har vore formidabel og at ho er både engasjert og uredd.

"Hun har en genuin forståelse for mishandlingsproblematikken og viktigheten av det kvinnepolitiske arbeidet", stod det i grunngjevinga for prisen.

Sjølv seier Hovland at ho synest det er fantastisk å bli nominert, men at ho ikkje forstår det heilt.

- Det er så mange som gjer så mykje meir enn meg. Men eg trur dei som har nominert meg meiner at Krisesenteret fortener ein pris. Det gjer iallfall eg. Dei står slik på og har sånt engasjement og gjer ein kjempejobb dagleg. Eg er ikkje åleine om å hjelpe kvinnene, dette gjer vi saman, alle som jobbar der. Dei tilsette står i jobbane sine, vi har veldig liten turnover, og det er dei som gjer det mogleg for oss å gjere ein god jobb.Det blir feil for meg om eg skal ta æra åleine.

Hovland peikar også på styret for Krisesenteret.

- Det er dei og deira gode tilrettelegging som er årsaka til at vi kan gjere den jobben vi gjer.

Artikkeltags