Gå til sidens hovedinnhold

Vurderer samarbeid om Bremanger-stein

Artikkelen er over 18 år gammel

HOLLAND/DYRSTAD: Det er rimeleg gode sjansar for at Euro Via og Bremanger Quarry vil samarbeide om stein frå Dyrstad til asfaltindustrien på kontinentet – i staden for å bli konkurrentar.

– Marknaden er ikkje stor nok til at det er plass til meir enn eitt stort brot for Bremanger-stein til europeisk asfaltindustri. Derfor er det betre at vi samarbeider med Euro Via, hevdar operasjonssjef i Bremanger Quarry, Bram Brunstrup.

Dermed kan det òg vere ein bra sjanse til å unngå ei utbygging av eit nytt omstridd brot, på Gulestø, i tillegg til det som har vore i drift på Dyrstad på andre sida av Nordgulen.

Kunde

Bram Brunstrup, som altså har hovudansvaret for vidareforedling av produksjonen til Bremanger Quarry på Dyrstad, stadfestar frå Holland at selskapa har hatt fleire samtalar om saka, utan at han dermed er sikker på kva den endelege konklusjonen vil bli. Han er likevel ganske sikker på at dei vil kome fram til ein avtale. Det er truleg mest aktuelt at Euro Via blir kunde av Bremanger Quarry. Men selskapa kan òg gå inn i andre former for samarbeid om steinen.

Liten marknad

Brunstrup meiner marknaden er for liten til at to selskap skal konkurrere om å selje same steinen til den europeiske asfaltindustrien.

Vel er steinen frå området ekstra god. Men det må likevel gjerast ein stor jobb for å selje den, etter at den blir knust til rette form og storleik og vaska rein, noko som blir gjort etter skipinga til Amsterdam.

– Vi har jobba i over ti år med å få dette til. Vi trur ikkje det er plass for ein konkurrent til på andre sida av fjorden. Då er det betre at vi heller samarbeider, uttaler Brunstrup til Firdaposten.

På lengre sikt kan ein slik samarbeidsavtale kanskje også bety meir aktivitet til brotet på Dyrstad.

Meir arbeid?

– Det er alt for tidleg å seie kor mykje. Først må vi finne ut korleis marknaden vil bli. Det kan ta tid, kanskje fleire år, seier operasjonssjefen.

Steinen frå Dyrstad blir laga for å tilsettast toppdekket i asfalten. Den har stor friksjon som gjer at bilane kan stogge fortare enn på andre slag asfaltdekke.