Gå til sidens hovedinnhold

Vurderer å gå til søksmål

Artikkelen er over 17 år gammel

FLORØ: Flora kommune vurderer no å gå til søksmål mot organisasjonen som har lagt ut ei svarteliste over barnevernsarbeidarar på internett.

Fleire av personane som vert uthengt har tilknyting til kommunen.

– Personar som har jobba eller jobbar i barnevernet i Flora kommune har hamna på denne lista. Vi vurderer og undersøkjer difor om det er grunnlag for individuelle søksmål frå dei som er ramma, eller om kommunen skal gå til sak, seier fungerande rådmann Sverre Indredavik.

– Men vi har ikkje fått sjekka opp i det juridiske i dette enno, så det er vanskeleg å seie kva vi kjem til å gjere, legg han til.

Uthengt som uskikka

Firdaposten har funne lista på internett, og den inneheld namna på tre personar frå Flora i tillegg til tre frå Sogn og Fjordane. Desse blir saman med nærare 160 andre barnevernsarbeidarar frå heile landet uthengt som uskikka til jobben sin. Det er organisasjonen ”Gruppen til familiens selvstendige rett” som har publisert svartelista. Organisasjonen, som jobbar for nedlegging av barnevernet, påstår at desse barnevernsarbeidarane har mange klagesaker på seg, og at ”Dei har vist seg å vere ute av stand til å tenkje objektivt” som det står i innleiingsteksten til lista.

I tillegg hevdar gruppa at enkelte av personane har blitt stevna for retten på grunn av den dårlege jobben dei har gjort, og dei berre er ”såkalla fagfolk” som ein ikkje kan stole på.

Kontakta KS

Sverre Indredavik har allereie kontakta Kommunenes Sentralforbund (KS) om saka, for å be dei reagere ovanfor organisasjonen som står bak internettlista.

– Dette er jo eit landsomfattande problem, og vedkjem tilsette og arbeidsgjevarar i ulike kommunar frå nord til sør. Skal der vere ein reaksjon bør den vere samordna i mellom dei ramma kommunane, og eg har difor bedd KS som arbeidsgjevar- og interesseorganisasjon vurdere om dei skal ta eit initiativ her, opplyser han.

Advokatar og psykologar

I tillegg til svartelista over tilsette i barnevernet, har organisasjonen lagt ut ei liste over nærare 80 psykologar som visstnok skal samarbeide med barnevernet og som ikkje er objektive i yrkesutøvinga si. Ein av desse psykologane er frå Sogn og Fjordane. Det vert også jobba med å lage ei svarteliste over advokatar.