Viste fram "Haugefisk" i Bergen

Haugefisk i Bergen- fleire med kjennskap til fiskerimiljøet var på plass.

Haugefisk i Bergen- fleire med kjennskap til fiskerimiljøet var på plass. Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

BERGEN: – Då eg såg i Bergens Tidende at «Haugefisk» skulle kome til Bergen, var eg ikkje i tvil. Eg måtte ta turen for å sjå att båten, fortel båtbyggjar Mons Nordtveit.

DEL

Og båtbyggjaren frå Nordtveitgrend i Fusa kommune likte det han såg. Saman med sonen sin var han den første som steig ombord i båten då dei la landgangen ned på kaia i Bergen laurdag morgon.

– Eg er overraska over at båten er i så god stand. Det er kjekt å sjå at den er teken vare på slik den var som ny, seier Mons Nordtveit.

«Haugefisk» var bygg nummer 70 ved H&E Nordtveit Skipsbyggeri.

– Vi gjorde alt arbeidet sjølve, utan bruk av underleverandørar. Det gjekk med rundt 27 000 arbeidstimar, fortel Nordtveit, som også konstruerte nybygget.

Som pensjonist er han no i ferd med å skrive bok om båtane han har bygt, og då var gjensynet med «Haugefisk» ekstra inspirerande.

– Ja, dette var verkeleg kjekt, seier Mons Nordtveit.

Artikkeltags