No er det «julerydning» på Vinmonopolet. 6041 produkt blei billegare.

WHISKY: Fleire dyre whiskyar vart litt billegare etter nyttår.

WHISKY: Fleire dyre whiskyar vart litt billegare etter nyttår. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Vinmonopolet har ikkje januarsal som andre butikkar. Likevel er det mange varer som blir billegare i det nye året.

DEL

Det norske alkoholmarknaden er gjennomregulert. Reklame er ulovleg, og Vinmonopolet har ikkje lov til å køyre priskampanjar, slik andre butikkar gjerne gjer i januar. Det betyr ikkje at prisane er uendra. Vinmonopolet justerer prisane sine tre gonger i året, mai, september, og altså i januar. I år er det over seks tusen produkt som får redusert prisen, medan 7234 produkt går opp i pris.

Ikkje januarsal

Det er likevel ikkje snakk om eit vanleg januarsal. Det er dei norske alkoholimportørane som justerer prisane. Årsaka kan vere fraktkostnader, valutasvingningar eller prisendringar hos produsent eller importør. Det kan også vere at man ønsker å få større rullering på varene.

– Det er ikkje vi som bestemmer dette. Vinmonopolet har ein fast avanse. Samanlikna med anna varehandel er denne svært lav, seier Vinmonopolets kommunikasjonssjef, Jens Nordahl, til Nettavisen.

– Utslaget av at vi har fast avanse er at dyr vin blir veldig billig i Norge. Vi har eit avansetak. Det er forklaringa på kvifor utlendingar og vininteresserte reiser til Norge. Det er også mange svenskar som reiser til Nore for å kjøpe dyr vin fordi Systembolaget tek veldig mykje meir pengar for å selje denne dyre vinen.

Avansetaket gjer at Vinmonopolet ikkje kan ta meir enn 110 kroner i forteneste på kvart enkelt produkt. Det gjer at den dyre vinen som oftast er billegare i Norge enn i utlandet. Det same gjeld også får spriten. I denne runden med prisjusteringar er det på whisky du kan gjere dei største innsparingane.

Edle dropar

Prisendringane varierer frå 10 øre og opp til fleire hundrelappar. Størst utslag er det på ein flaske med 30 år gammal skotsk høylands-whisky av merket Glenglassaugh. Her kan du spare heile 673,70 kroner på å handle no, samanlikna med rett føre nyttår. Prisen er rett nok framleis temmeleg stiv. 1826,20 må du ut med for desse edle dropane. For dei som føretrekker whiskyen med litt meir smak av røyk kan kanskje ein flaske med Wemyss Loch Indaal Catch Bowmore frå Islay vere eit alternativ. Den smakar ikkje like mykje branntomt som sine øyvenner frå Laphroig eller Ardbeg, men skal vere raffinert og fin. Den får du no omtrent berre tak i her i Norge, og kostar no 7950 kroner. Men er du villig til å bruke rundt 8000 kroner på ein flaske med skotske dropar er du nok ikkje så veldig opptatt av at du sparar heile 550 kroner på dette kjøpet.

Mykje av det som går ned i pris finn du på bestillingsutvalet. Det står nok ikkje mykje av det og støvar ned på polhyllene her i fylket, men nokre av varene på basisutvalet går også ned i pris. Mest sparar du også der på ein flaske Glendronach Allardice 18YO. Den kostar no 937,30, ein innsparing på 62,60 øre.

Julerydding

For den vanlege alkoholkonsumenten i gata er det altså neppe nokon grunn til å gå mann av huse for å tømme hyllene på det lokale Vinmonopolet. Dette er nok mest for dei spesielt interesserte. Er du blant dei finn du lista over produkta som går ned i pris her:

Sjå heile lista her (Excel-fil)

Vinekspert Christer Berens meiner lista over vinar som er sett ned i pris er ein «julerydding».

– Men det er to vinar, svært gode kjøp som eg gjerne hadde hatt i kjellaren min. Ch. Pichon-Longueville Comtesse de Lalande 2012 og Markus Molitor Zeltinger Sonnenuhr Riesling Kabinett 2016, seier han til Nettavisen.

Berens er sjølv vinimportør, men ingen av hans produkt får ein prisendring.

Artikkeltags