NVE krev registrering av all vindmølle-drept fugl på Guleslettene

FLORØ: Både talet på drepne fuglar, kva artar det er snakk om, og kvar på vindmølleanlegget dei blir slegne i hel, skal kartleggjast for utbyggar og grunneigarars rekning, krev NVE i eit brev til Guleslettene Vindkraft.