Naturvernforbundet krev full stogg på Guleslettene til klage er behandla

MÅ STOGGE: Så langt er det i dei austlege områda av Guleslettene at arbeidet med vindparken har kome lengst. Men no er også jobben med infrastruktur i vest starta opp, og Naturvernforbundet krev no full anleggs-stogg til klagen deira til NVE er behandla.

MÅ STOGGE: Så langt er det i dei austlege områda av Guleslettene at arbeidet med vindparken har kome lengst. Men no er også jobben med infrastruktur i vest starta opp, og Naturvernforbundet krev no full anleggs-stogg til klagen deira til NVE er behandla. Foto:

FLORØ: Galskap å plassere vindturbinane der dei no er planlagt, fastslår landets største miljøvernorganisasjon, og ber styremaktene setje foten ned.

DEL

«Akkurat der utallige fuglar trekkjer over Guleslettene i Sogn og Fjordane, har NVE sagt ja til bygging av vindkraftverk. Turbinane vil truleg ta livet av eit stort antal fuglar kvart år.»

Slik lyder konklusjonen i Naturvernforbundet si pressemelding som gjekk ut fredag, der dei no ber om full stogg på Guleslettene fram til at klagen dei har sendt til NVE i lag med Norsk Ornitologisk Forening er behandla.

– Vi er sterkt kritiske til korleis kunnskap om store miljøkonsekvensar blir ignorert av NVE og vi ber difor om full stogg i arbeidet med kraftverket inntil klagen vår er handsama, seier Silje Ask Lundberg, leder i Naturvernforbundet.

Naturvernforbundet har saman med Norsk Ornitologisk Forening klaga på Norges Vassdrags- og energidirektorats (NVE) godkjenning av forundersøkinga som utbyggjar Guleslettene Vindkraft AS har gjennomført.

– Millionar av fuglar trekkjer mellom sør og nord kvart år, og det blir stadig meir vanskeleg for dei å navigere på grunn av menneskelege inngrep. Det er galskap å plassere eit vindkraftverk midt i trekkleia deira, slår Silje Ask Lundberg fast.

Vil byggje 47 vindturbinar

Bygginga av vindkraftverket er som kjent i full gang. Arbeida går no føre seg i den austlege delen av området, medan den vestlege framleis står urørt i påvente av undersøkingar av fugletrekket. Sidan forundersøkingane no er godkjent av NVE, har utbyggjar byrja å bygge veg inn i dette området. Det er i alt planlagt 47 store vindturbinar med tilhøyrande vegnett, kraftlinjer og ann infrastruktur.



Massivt fugletrekk

Forundersøkingane viser at det går eit massivt fugletrekk gjennom området. Likevel har ikkje NVE teke omsyn til konsekvansene vindturbinane vil få for fuglene, meiner Naturvernforbundet. NVE har heller ikkje pålagt utbyggjar noko endringar i lokalisering, tal eller drift av vindturbinane i trekkperiodane. NVE grunngjev vedtaket med at fugletrekket foregår i heile området, og at den vestlege delen av planområdet ikkje skil seg ut.

NVE har i alt gitt konsesjon til fem vindkraftanlegg midt i det relativt smale fugletrekket på ei kort strekning langs kysten av Sogn og Fjordane. Den heilskaplege belastninga dette vil gi er heller ikkje vurdert av NVE.


Fleire truga artar

Undersøkingar som Norsk institutt for naturforskning (NINA) har gjort, viser at det er eit stort fugletrekk gjennom planområdet for vindkraftverket. Blant fuglane som brukar trekkleia finn vi truga artar som sædgås, stjertand og storspove, som alle er oppført som sårbare (VU) i Norsk raudliste.

– Vi er også uroa for stor dødelegheit hos meir talrike artar. Ein forskingsartikkel frå september 2019 viser ein nedgang på tre milliardar fuglar i Nord-Amerika sidan 1970. Ein studie fra 2015 viser den same tendensen i Europa. Difor er det svært viktig å ta vare på både artsmangfaldet og bestandane for å unngå store konsekvensar for økosystema våre. Det beste verktøyet for å få til dette er å slutte å byggje ut areal som har høg verdi for naturen, avsluttar Ask Lundberg.

Artikkeltags