– Dei som skal forvalte hjorteviltet vårt, kan ikkje berre sitje bak ein skrivepult

FRÅ SKOGEN TIL POLITIKKEN: Fredag 15. mars kjem stortingspolitikar og naturfilmskapar Arne Nævra til viltseminaret i Florø, der han spør om hjorteviltforvaltninga vår er på ville vegar.

FRÅ SKOGEN TIL POLITIKKEN: Fredag 15. mars kjem stortingspolitikar og naturfilmskapar Arne Nævra til viltseminaret i Florø, der han spør om hjorteviltforvaltninga vår er på ville vegar. Foto:

FLORØ: Arne Nævra kom ut frå naturen og gjekk inn i politikken. Men landets framste naturfotograf brenn framleis for dei store hjortedyra våre, og fredag 15. mars kjem han til Florø med sterke meiningar om kva som er god viltforvaltning.

DEL

– Nøkkelen til å forstå og forvalte hjorteviltet vårt, ligg i å studere åtferda til dyra. Når du høyrer forskarar og viltforvaltarar som nærast skryt over at dei kun tolkar tal og statistikkar og ikkje treng å vere i skogen for å drive forvaltning, så er vi på ville vegar.

Kraftsalva kjem frå Norges kanskje mest kjende naturfilmskapar og fotograf, Arne Nævra (65). Store delar av sitt vaksne liv har Nævra vore kloden rundt med kamera, og dei store hjortedyra har alltid hatt ein spesiell plass i hjartet.

Brunsten viktig

– Som austlending kjenner eg elgen best, men mine erfaringar derfrå er nok også høgst relevante når det gjeld forvaltning av hjorten. Skal du verkeleg lære desse dyra å kjenne, må ein ut i skogen. Studerer du dyra inngåande og lenge nok, så forstår du etter kvart kvifor vi må ha evolusjonsperspektivet med oss, anten vi er grunneigarar, jegerar eller begge deler.

Og nøkkelen ligg i dei hektiske vekene før og under brunsten på hausten, meiner Nævra.

– Vi har ikkje store bestandar av dei store rovdyra her i landet. Det er vi som er rovdyra, og skal vi få sunne viltbestandar må vi difor etterlikne bjørn, ulv, jerv og gaupe og lære av korleis dei jaktar, meiner fotografen.

OMVELTNING: – Du treng tålmod om du skal få den store oksen i linsa di – men det er vel så krevjande å vente på svar frå ein statstråd, seier den ferske stortingspolitikaren Arne Nævra. Her frå Sarek nasjonalpark Nord-Sverige.

OMVELTNING: – Du treng tålmod om du skal få den store oksen i linsa di – men det er vel så krevjande å vente på svar frå ein statstråd, seier den ferske stortingspolitikaren Arne Nævra. Her frå Sarek nasjonalpark Nord-Sverige. Foto:

– Må jakte som rovdyra gjer

– Det betyr at vi må gå etter dei svakaste individa. Dei som er små, dei som er slitne og dei som er gamle. På den måten vil vi sakte, men sikkert byggje ein robust viltbestand, slår han fast.

– Men korleis gjer vi det? Bør vi halde fram med den typiske nordiske «kjøtjakta», eller vil fornuftig troféjakt gi eit betre resultat?

Begge dei modellane er farbare vegar. Poenget er at ein må bruke fornuft og kunnskap. Eg er ingen motstandar av troféjakt. Gjort på rette måten vil det kunne gi store, vaksne dyr i populasjonane, nettopp fordi det er økonomisk smart for grunneigaren å late dyra bli store, seier Nævra.

Politikk – ei tålmodsprøve

I 2017 kom nyheita som kanskje overraska mange: Arne Nævra la ned kamerautstyret for ei stund, kom ut av skogen og gjekk inn i politikken. Gjennom nominasjon til Stortinget på Buskerud si fylkesliste, suste 65-åringen inn til fast plass i nasjonalforsamlinga. Der har tålmodet ein naturfotograf må vere utstyrt med, kome til sin rett.

– Det var ei omveltning, ja. Eg må seie at det er ei mindre tålmodsprøve å sitje i eit kamuflasjetelt og vente på stor-elgen, enn å gå rundt og vente på svar frå statsråden. Elgen veit du kjem til slutt, men eg er sanneleg ikkje sikker på om det gjeld svaret frå statsråden, humrar Nævra, som også har teke naturforvaltningsinteressa med seg inn i politikken. Han har vore skipar av fleire politiske seminar om temaet på Stortinget, og Nævra er overtydd om at det ligg betydeleg uforløyst potensial i naturbasert næring.

– Vi ligg langt bak mange andre land når det gjeld å sjå næringspotensialet i det å ha gode viltbestandar. Og grunneigarane treng ikkje alltid skyte viltet for å tene pengar på det. Godt tilrettelagte safari-opplegg, gjerne for fotografar, er noko mange tener vel så mykje pengar på i dag, som å selge jaktrettar, slår han fast.

Nævra gler seg til å kome til Florø og viltseminaret 15. og 16. mars. Der skal han både halde foredrag med tittelen «Viltforvaltning på ville vegar?» og seminardeltakarane vil også få sjå høgdepunkt frå Nævra si mangslunge karriere som naturfilmprodusent.

Ønskjer du å få med deg dette, kan du framleis melde deg på seminaret her.

Artikkeltags