Aldri har vi skote fleire

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

I 2016 blei det sett ny fellingsrekord i hjorteskogane. Resultatet enda til slutt på 37.700 felte dyr, landet sett under eitt. Det er ein auke på heile 4000 dyr frå forrige jaktår, viser tal som Statistisk Sentralbyrå har henta inn frå hjorteviltregisteret.

På det interaktive kartet over kan du klikke på din kommune, og få opp haustens fellingstal og anna informasjon.

Totalt var det delt ut 40.100 fellingsløyve, knapt 600 dyr færre enn i 2015. Fellingsprosenten enda på 77.

Det deltok omlag 46.600 hjortejegerar under haustens jakt.

Elgen viser derimot ein tilbakegang. 30.800 elg blei felt, og det er 300 færre enn året før. For første gong overtok også Nord-Trøndelag som det største elgfylket, etter at Hedmark har toppa denne lista i årevis.

For Sogn og Fjordane sin del blei det også sett rekord, med 10.910 dyr. Dermed er den gamle rekorden frå 2010-sesongen på 10.532 dyr slått.

Fellingsprosenten i Sogn og Fjordane låg på 70,9 prosent.

Firdaposten/(©NTB)

Artikkeltags