Vil vitalisere mållaget

MÅLPRIS: Tidlegare arrangerte Flora Mållag bokkveld, saman med Økland Libris, og delte ut målprisen. Som her, i 2002, då forfattaren Malvin Toft (t.v.) frå Sør-Skorpa fekk prisen. Til høgre: Torleik Stegane, leiaren i Flora Mållag.

Artikkelen er over 6 år gammel

Onsdag 24 november blir det ope møte på samfunnshuset for å få i gang aktiviteten i Flora Mållag.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

For sjølv om nynorsken har hatt framgang i kommunen dei siste åra, og Flora Mållag tel over 60 medlemer, har lokallaget ikkje vore så aktivt.

På møtet skal framtida for Flora Mållag drøftast, og føremålet er å få på plass eit meir vitalt mållag i Flora.

Helga Hjetland, styremedlem i Noregs Mållag og tidlegare leiar i Utdanningsforbundet, vil halde innleiing om dei viktige utfordringane til nynorsken.

I tillegg vil ho presentere den nye kampanjen til Noregs Mållag: Gjennom ord blir verda stor.

Det er ein nasjonal kampanje om kor viktig det er for borna å møte nynorsk og dialektar i barnehagen.

Til møtet kjem også informasjonskonsulent i Noregs Mållag, Hege Lothe, og folk frå Sogn og Fjordane Mållag.

Artikkeltags