Vil skipe kystlag i Bremanger

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

BREMANGER: Vilfred Gangsø har teke initiativ til å skipe kystlag i Bremanger, og inviterer til skipingsmøte på "Haugefisk" fredag ettermiddag. Han håpar på stor interesse for initiativet.

DEL

Saman med fleire andre i Bremanger ivrar Gangsø for å skipe eit kystlag i bygda som kan arbeide med utvikling av kystmiljøet og fartøyvern. Han inviterer alle interesserte til å bli med på skipingsmøte førstkomande fredag, og kva er då meir naturleg enn å halde møtet om bord i ”Haugefisk”, som kjem heimatt til bygda nettopp denne dagen. Agenda for møtet er kvifor kystlag i Bremanger, og bakgrunn for initiativet. Det blir informasjon on kva kystlaga jobbar med. Namn og vedtekter er sjølvsagt på dagsorden, samt medlemspengar og val av styre, valnemnd og revisor.

– Vi håpar sjølvsagt på stor interesse, og er det nokon som vil vere med, men som ikkje har høve til å kome på møtet, så må dei gjerne ta kontakt, oppmodar Vilfred Gangsø.

Artikkeltags