Vil prioritere riksveg 614

Verksleiar Steinar Talle 8t.v.) tek imot Høgre-leiaren på Elkem Bremanger.

Verksleiar Steinar Talle 8t.v.) tek imot Høgre-leiaren på Elkem Bremanger.

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Erna Solberg vil ha øyremerkte midlar til Svelgen-Grov-strekninga. Men når?

DEL

Høgreleiaren vil i motsetning til samferdsleminister Liv Signe Navarsete prioritere riksvegprosjekt som dei mange farefulle parsellane mellom Svelgen og Grov.

– At næringslivet lokalt vel å satse så mykje på dette som dei gjer, synest vi i Høgre er spennande og prisverdig. Og når det statlege bidraget minkar såpass i forhold til dei private investeringane som totalt skal leggast ned her, synest eg vegbygginga må kunne takast på sida av prioriteringslistene.

Testa vegstrekninga

I samband med møte med lokale høgrepolitikarar fekk Erna Solberg køyre vegstrekninga mellom Florø og Svelgen. I bilen snakka Jorunn P. Frøyen og partileiaren om problema som regelen om heimfall skaper for industrien, men også om kvifor enkelte vegstrekningar er viktigare å utbetre enn andre.

– Oi, her var det ikkje mykje plass! seier Solberg i det fylkesleiar Bjørn Lødemel køyrer forbi gardstuna ved Sandvik og Kjelkenes.

– Kjenner du godt til kystveg-prosjektet?

– Ja, det har ikkje blitt reint få telefonsamtaler om planane det siste året. Dessutan er mannen min frå Ålesund, så vi har køyrt alle vegane i Sogn og Fjordane og ser at fleire enn industri og næringsliv treng å korte ned køyretida.

Artikkeltags