Gå til sidens hovedinnhold

- Vil prioritere eigne folk

Artikkelen er over 12 år gammel

Elkem Bremanger vel å setje inn dei 50 permitterte som sommarvikarar ved silisiumavdelinga.

Dette er kanskje dårlege nyhende for dei vel 40 unge som til vanleg bruker vikariere på verket om somrane. Men verksemda er i ein ekstraordinær situasjon med 50 råka av permitteringar, og for desse tyder dette at det er attende til full jobb med full løn. I det minste for ein periode.

– Vi ville sjølvsagt hatt full drift ved støyperiet og 40 ferievikarar, men slik verda er i augeblinken vil vi prioritere våre eigne folk.

Det seier verksdirektør ved Elkem Bremanger, Steinar Talle.

Men det er med tungt hjarte Talle må takke nei til 40 unge vikarar. Han byrja sjølv industrikarrieren sin som ferievikar ved verket i Årdal, og ser på tilbodet som verdifullt både for ungdommen og for verksemda.