Han snakka seg god og varm i Flora samfunnshus om sine erfaringar med å oppdra barn og ungdom. Foreldreutvalet (FAU) ved Flora ungdomsskule hadde invitert Bjørnestad til å snakke om «Å oppdra tenåringar er ingen jobb for pyser». Eit prisverdig og flott tiltak.
Bjørnestad poengterte sterkt at dei vaksne må setje barna sine behov framfor sine eigne dersom det buttar imot. Ein må vere til stades i kvardagen og ikkje overlate ungane til media sine skeive og unormale forbilde. Bjørnestad meiner at vaksenrolla er i krise. Dagens vaksne vil vere evig unge, kjappe og kule.
– Viss mor skal vere venninne med dottera, kven skal då vere mor? «Kule» vaksne er det verste, då ler dei unge av deg bak ryggen din, fortalde Bjørnestad.
Bjørnestad sine råd kan verke sjølvsagde. Viss nokon skal få vere barn, må vaksne vere vaksne. Barn treng grensesetjing for å kjenne omsorg, fekk kring 200 frammøtte foreldre høyre.