Vil løyve to mill. til Svelgen-vegar

Artikkelen er over 9 år gammel

FLORØ: Hovudutval for samferdsle har vedteke at dei vil setje av to millionar til å planlegge vegar til 45-minuttsregionen.

DEL
Fylkestinget er innstilt på å setje av midlar til planlegging av vegparsellane i 45-minuttarregionen i perioden 2010-2013. Fylkesrådmannen foreslo å setje av til saman to mill. kr til kommunedelplanar på strekninga i 2012 og 2013. Bremanger kommune har starta arbeid med kommunedelplan på strekninga Svelgen – Indrehus og har varsla oppstart av planlegging av nytt ferjesamband i Ytre Nordfjord. Behovet for planmidlar vil måtte justerast i samband med årleg fordeling av midlar, står det i vedtaket.

Artikkeltags