Vil lagre rigg-kjetting på sjøbotnen i Nordgulen

SATSAR VIDARE: Stadt Sjøtransport skal satse på riggkjetting-inspeksjon, og treng lagringsplass på sjøbotnen.

SATSAR VIDARE: Stadt Sjøtransport skal satse på riggkjetting-inspeksjon, og treng lagringsplass på sjøbotnen. Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Slepebåtselskapet Stadt Sjøtransport har søkt Bremanger kommune om løyve til å lagre store riggkjettingar på to ulike lokalitetar i Nordgulen.

DEL

Lagringsplassane dei ønskjer seg er Djupevika og Ramsvika. Søknaden er oversend frå Kystverket til kommunen, fordi Kystverket meiner kommunen må vurdere moglege ulemper innan ferdsel og fiskeri. Bakgrunnen for saka er at Stadt Sjøtransport ønskjer å satse på inspeksjon av riggkjettingar, og grunnen til at dei må lagrast på sjøbotnen er at ein må unngå korrosjon. Kommunen går inn for å gje permanent løyve for Ramsvika, medan lagring i Djupevika bør vere tidsavgrensa til eit år. Det skuldast planarbeidet med å lage industriområde på Holmaneset, noko som kan kome i konflikt med lagring i Djupevika. Plan- og utviklingsutvalet skal behandle saka 28. oktober.

Artikkeltags