VIl innføre ølmonopol igjen

SKEPTISK: Kjøpmann Rune Økland er skeptisk til forslaget til rådmann Terje Heggheim.

SKEPTISK: Kjøpmann Rune Økland er skeptisk til forslaget til rådmann Terje Heggheim. Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

FLORØ: To kommunale ølmonopol på ulike plassar i Flora. Men framleis øl i butikk i utkantane, meiner rådmann Terje Heggheim i Flora. Kva meiner du?

DEL

Dette blir fungerande rådmann sitt svar på bestillinga til bystyret frå i juni. Då tinga fleirtalet ei utgreiing om gjeninnføring av ølmonopol.


Dyrt for kommune


-Det er kommunen som får dei store utgiftene som følgjer med alkoholen. Eg meiner derfor at det er rett og rimeleg at kommunen då sikrar seg inntektene for å finansiere det ruspolitiske, førebyggande og arbeidet med ettervern, meiner Heggheim.

Rådmannen har heller ikkje kalkulert inntektene. Uansett vil det vere snakk om fleire millionar kroner. At han vil ha to utsal i sentrum grunnar Heggheim i at det elles kan favorisere butikken som vil ligge nærast eit ølmonopol.

Blant mange politikarar i Flora har det vore stor irritasjonen over daglegvarebutikkane som fekk ølsal og først lovde å gje av overskotet til kulturpengane til Flora kommune, men så bakka ut etter nokre års ølsal.

Ikkje kulturpengar


Heggheim ser på kulturpengane frå ølsalet som eit avslutta kapittel. Han avviser at dette er grunnlaget for at han no vil gå til bystyret og be om gjeninnføring av ølmonopol, som den første kommunen i Norge som kan komme gjere noko slikt. Og i ein situasjon der det berre er eit par ølmonopol att i fedrelandet.

-Eg syns likevel det vil vere rart om bystyret først bad meg greie ut saka, for så å vidareføre ølsalet i butikk, kommenterer Heggheim.

Om der skal gå av overskot frå eit kommunalt ølmonopol til førebyggande kulturarbeid, blir noko politikarane må svare for, meiner Heggheim

- Du likar øl sjøl?


-Eg er glad i øl. Men eg har eit ansvar i rolla som samfunnsplanleggar for å sjå saker i ein større samanheng.


ØLSAL

Ølsalet i Flora (2007)

Coop Mega 52700 liter

Coop Prix 38900 liter

Ica Nær 35800 liter

Combi Spar, Florø 49400 liter

Combi Spar Krokane 23800 liter

Rema 1000 Amfi 69200 liter

Rema 1000 Evja 63400 liter

Kiwi Vest 29200 liter

Havreneset mat14500 liter

Lidl Norge 42300 liter

Eikefjord handel 28100 liter

D.Sunde Rognaldsvåg 9600 liter

Svanøy yhandel 6600 liter

Nærbutikken tansøy 14700

Anders Haave Stavang 18500

Fanøy handel, Batalden 5900 liter

Artikkeltags