Vil ikkje vere del av "eldrebølgja"

Anne Lise Gilleshammer meiner dei eldre er ein ressurs meir enn ei byrde.

Anne Lise Gilleshammer meiner dei eldre er ein ressurs meir enn ei byrde. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Bremanger Eldreråd krev at journalistar, byråkratar og politikarar sluttar å bruke ordet "eldrebølgja". - VI ønskjer å verte verdsette og inkluderte i samfunnet, seier Anne Lise Gilleshammer.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Eldrerådet i kommunen har hatt dette oppe som eiga sak og ber om at bruken av ordet må opphøyre. Dei viser til at sjølv om ordet i utgangspunktet ikkje var meint negativt, så er det oftast brukt problematiserande. Det er ofte snakk om korleis samfunnet skal kunne klare den økonomiske børa som følgje av at det blir svært mange eldre på trygd i framtida.

- Vi meiner også det er belastande at pleie- og omsorgsbudsjetta berre vert knytte opp til gruppa eldre, når vi veit at store summar går til psykiatri, rus, aktivitetstilbod for funksjonshemma, transport, personleg assistent og pleie i heimen av yngre pasientar i samband med alvorleg sjukdommar, seier leiar i eldrerådet, Anne Lise Gilleshammer.

Dei meiner at gruppa "eldre" er berekraftig ved at dei deltek aktivt og held samfunnshjula i gang. Dei viser også til at sjølv pensjonistar betaler skattar og avgifter. I frivillige organisasjonar, kulturlivet og familielivet er dei ofte ei berande kraft. Dei er også ofte å finne når det er dugnadsarbeid i lokalsamfunnet.

Artikkeltags