Vil ha tips etter innbrotsraid

Av
Artikkelen er over 16 år gammel

SVELGEN: I helga var det tre innbrot i Svelgen-området: Eit grovt våpentjuveri, eit bilinnbrot og eit innbrot på Coop. Fung. lensmann Espen Gulliksen meiner at det kan vere del av eit større raid og han ber no om tips og hjelp frå publikum.

DEL

– Har de sett noko mistenkjeleg, som framande bilar eller menneske, så ring lensmannskontoret. Anten observasjonen er gjort i nærleiken av plassane eller nokon som berre har vore på gjennomfart, så ta kontakt, oppfordrar Gulliksen.

Det mest alvorlege brotsverket i helga skjedde på Ålfoten skytebane i Myklebustdalen. Her tok tjuvane med seg fire våpen av kaliber 22, ein del ammunisjon og to tusen kroner i vekslepengar.

Stal husnøklar

Ein bil som stod parkert langs vegen ved Risevatnet fekk knust ei rute og tjuvar tok seg inn i bilen. Dei prøvde å fjerne ein cd-spelar, men har ikkje fått det til. Men dei fekk med seg husnøklane til bileigaren. Det tredje innbrotet i Svelgen denne helga var på Coop. Her har tjuvane brote opp ytterdøra og teke seg inn i gangen der speleautomatane står. Dei braut opp to av tre automatar og fjerna pengane som var i. Kor mykje pengar er usikkert. Området som automatane står i, har ikkje alarm. Tjuvane har ikkje prøvd å bryte seg inn i sjølve butikken, for det var ingen alarm som vart utløyst. Innbrotet vart ikkje oppdaga før måndag morgon

Nattestid

Lensmannen reknar med at innbrota har skjedd på nattestid, og jobbar ut frå teorien om at det ikkje er lokale folk som står bak.

– Vi held alle moglegheiter opne, men framgangsmåten er veldig lik den som er brukt under liknande innbrot i Stryn. Mykje kan tyde på at det er same folka som no har vore på ferde i Svelgen, utan at vi har trekt nokre konklusjonar enno, seier Gulliksen.

Ein av grunnen til at han trur det kan vere dei same personane som i Stryn, er lik framgangsmåte for å opne automatane.

–Slike automatar er sikra med skikkeleg tjukk kjetting, og denne var klipt rett av med ei stor avbitertang. Dessutan var tjuvane berre interessert i pengane i automatane, og ikkje i tobakksvarer og anna inne i butikken. Det same skjedde jo på Lasses i Svelgen for kort tid sidan. Då var automatane opna på same vis, og det er mogleg det er dei same folka som er på ferde att, fortel han.

Ingen vitne

Han har førebels ingen vitne til nokre av innbrota, men det er utført åstadsgransking og sendt inn fleire fingeravtrykk til analyse.

I tillegg til dei tre innbrota i helga, er det utført skadeverk på eit kommunalt uthus på nedsida av tunnelen ved Magnhildskaret. Politiet ynskjer tips også i denne saka.

Artikkeltags