Gå til sidens hovedinnhold

Vil ha parkområde i Svelgen

Artikkelen er over 9 år gammel

Svelgen Opp og Fram fekk inn mange gode idear under idemyldringa i januar. No ser dei på innspela, og planlegg parkområde ved Riseelva.

Kåre Myklebust er leiar for Svelgen opp og fram, og har god tru på å få eit finare Svelgen sentrum, og at Svelgen opp og fram kan vere ein pådrivar og medhjelpar til arrangement og aktivitetar i bygda.

Det skjer noko, det er i allefall heilt sikkert. Det blir parkanlegg ved Riseelva, ved Bakarhuset. Korleis det kjem til å sjå ut, veit vi ikkje endå. Vi tek alle ideane vi fekk inn seriøst. Det var mange like forslag, og fleire peika på eit parkområde/kvileområde ved Riseelva, utanfor Bakarhuset. Dette har vi fått Jan Erik Kjøsnes til å teikne forslag på, fortel Kåre.

Tysdag kveld hadde Svelgen Opp og Fram møte, der dei evaluerte idemyldringsmøtet i januar, og alle forslaga dei fekk inn.

Den 20. mars skal vi i møte med Bremanger kommune og alle eigarane av dei forskjellige stadene i Svelgen, der vi ønskjer å gjere forbetringar. Vi må få avklart kva vi kan gjere frå dei som eig områda, og frå Bremanger kommune. Vi veit at det kjem nye gatelys langs hovudvegen i Svelgen, og vi har tid på oss til å få mykje på plass allereie før 17. mai, seier Kåre Myklebust.

Blant nokre av ideane til bruk av parkområdet var mellom anna:

Leikeplass for born

Badeplass i Riseelva

Kvilebenkar

Bane til hesteskokasting

Turveg opp langs Riseelva

Belysning langs turveg til Risevatnet.

Flytte Øyratunet til parkområdet, og opne turistkontor der

For å få utløyst midlar, må ein sjå på korleis ein kan leggje til rette for trimløyper, tilgang for rullestolbrukarar med meir.

Det er også diskutert å lage ein turveg som går frå Svelgen skule via Klyveren opp til Risevatnet. Då treng ikkje barnehageungar, og skuleelevar krysse nokon vegar for å komme seg til Risevatnet på tur.

Ein treng ikkje setje i gang tiltak i sentrum som er konfliktfylte. Å flytte Galleri Øyratunet til sentrum, eller fjerne Risebrua er typiske ting som fort vil skape konfliktar, meiner Jostein Eimhjellen som er med i Svelgen opp og fram.

Han meiner parkbelysning langs ein turveg frå Naustneset til Risevatnet kunne vore heilt topp.