Diabasen er igjen vorten aktuell etter at Hein Bjerck har funne 16 økseemne på Aukra under dei store utgravingane som Firdaposten skreiv om nyleg. Også tidlegare har diabasen vore funne frå Hordaland til Trøndelag, endåtil i Nord-Norge. Det har vore eit industrielt preg over aktiviteten på Stakaldeneset, og saman med helleristningsfelta i Ausevika og Vingen gjer desse kulturminna Flora til eit sentrum i steinalderen.

Unikt

– Steinbrota på Stakaldeneset er eit unikt kulturminne, ikkje berre i norsk målestokk, men også i europeisk. Kommunen har ikkje noko meir identitetsskapande enn dette i historisk perspektiv. Då vert både skipsindustri og sildefisket for historisk blaff om ein samanliknar, meiner Asle Bruen Olsen som i 1977 fann grønsteinsbrotet saman med Svein Brandsøy.

– Korleis då?

– Tenk deg at gruvene i Varanger hadde vore drivne i 5000 år. Du klarer ikkje å førestille deg kor lenge steinalderfolket har teke ut stein på Stakaldeneset og kva brotet hadde å sei for livet den gongen. Tydelegvis er ikkje folk bevisste nok på kva kulturskatt dette kulturminnet representerer, meiner han.

Heva over tvil

– Meiner du at Vestlandet har vorte forsynt av stein frå Flora?

– Eg meiner det ikkje, det er heva over einkvar tvil at diabasen frå Stakaldeneset har vore svært viktig både som felleskapssymbol og reiskapsråstoff for den nordlege vestnorske befolkninga i fleire tusen år. Diabasen sitt domene var området mellom Nordhordland og Nordmøre. Vi ser at grønsteinen frå Bømlo har sitt domene frå Nordhordland til Mandal. Diabasen frå Stakaldeneset har ein særeigen struktur som skil seg frå Bømlo-steinen, og såleis er det ikkje vanskeleg å finne ut kva brot steinen kjem frå når ein finn ei øks eller eit emne, seier han.

Kommunen sin "steinkomité" argumenterte med at biotittgneisen i Flora er særdeles vakker og at den ligg ferdig utskoten og kan fraktast rimeleg vekk for bruk, men Bruen Olsen kjøper ikkje denne argumentasjonen utan vidare.

Lett tilgjengeleg

– Det finst fleire lett tilgjengelege diabasgangar i Flora, langt frå Stakaldeneset, som stammer frå det same magmakammeret og er svært lik diabasen i brotet. Klarte steinalderfolket å ta ut så mykje stein med den tids reiskapar, er det eit ikkje reint lite paradoks om ein ikkje skulle ta seg råd til å ta ut slik stein i dag, påpeikar han.

– Kvar då for eksempel?

– Ein har diabasgangar like ved innfartsvegen. Det er berre å bore nokre hol og skyte. Kanskje har Vegvesenet i samband med utvidinga av vegen både sprengt og dumpa diabas på havet utan på vere klar over det. I lys av at kommunen arbeider med eit bergkunstsenter, burde dei også tenke over kva stein dei skal velje til kommunestein, seier han til slutt.