– Personleg synest eg det er bakvendt at ein god veg blir liggande utbrukt, seier Sverre Hesjedal til Firdaposten. Han er talsmann for mange i grendelaga på Løkkebø, Storebru, Langedalen og Svarthumle.

Dei har gått saman om å reise dette spørsmålet, i von om å få gjenopna vegen. Fysisk er det snakk om å få fjerna ei støypt hindring inne i tunnelen

– Vi ventar ikkje at vegstellet skal halde vinterbrøyting og slike ting, men sommars dagen synest vi at dei som vil, skal kunne få den opplevinga det er å køyre over Ramsdalsheia, seier Hesjedal.

Han peikar også på ein del nyttebruk for bygdefolk som har beitedyr i fjellet, forutan at det vil vere ei god hjelp for BUL som eig og driv Trollstova, og som har lidd under den stengde vegen.

– Flora kommune har som kjent vore velvillige med å brøyte opp vegen til Trollstova fram mot påske. Kunne Naustdal kommune vere med på ein liknande avtale frå austsida, ville det vore ei god hjelp for utfartsstaden, seier Hesjedal.

Grendelaga er kalla saman til møte no med det første, og tanken er å ta kontakt med ordførarane i Flora og Naustdal med sikte på støtte for tiltaket.

Hesjedal trur ikkje dette er noko problem for økonomien i Sunnfjordtunnelen AS som ei tid var argument for å stenge vegen over Heia.

– Eg har lita tru på at det blir mange som køyrer over Ramsdalsheia berre for å spare bompengane, seier Hesjedal til slutt.