Vil gje dårlegare opplæringstilbod

Av
Artikkelen er over 15 år gammel

Budsjettframlegget for 2004 kan også få store konsekvensar for skulane og barnehagane i Bremanger kommune.

DEL

Mangel på pengar fører til svekt opplæringstilbod, skulefritidsordninga forsvinn, stengde barnehageavdelingar og dårlegare arbeidsmiljø.

Ved Hauge skule manglar rektor Aage Kvendseth ein halv million kroner for å drive skulen etter dei måla som er sette og samstundes kunne oppretthalde skulefritidsorddninga. Han meiner at med ei budsjettråme på 10,4 millionar kroner er det ikkje mogeleg å drive skulen, og for å kome i balanse, har han kutta på leirskuleopphald, læremiddel, internett og datautstyr. Det er ikkje sett av pengar til bruk av kopieringsmaskin, og skulefritidsordninga vil opphøyre frå nyttår, om ikkje skulen får tildelt meir midlar. Rektor Kåre Myklebust ved Svelgen skule må gå endå meir drastisk til verks for å balansere innanfor si råme på 10,6 millionar. Han må redusere stillingar i høve råmetimetalsmodellen både vår og haust med høvesvis totredjedels stilling og 1,2 stilling, og ta bort skulefritidsordninga for heile skuleåret.

– Dette er bort imot dramatisk med tanke på den skulen politikarane vil ha, skriv Myklebust i ein merknad til budsjettet, og meiner at både læringstilbodet og arbeidsmiljøet vil bli skadelidande.

Skulefritidsordninga fell også ut ved Davik skule, bassenget blir stengt ni månader i året, og råmetimetalet er redusert utom det forsvarlege. Personalressursane i fleire av barnehagane må reduserast for halde budsjettet, og det kan bli aktuelt med stengde barnehageavdelingar frå neste haust.

Artikkeltags