Vil flytte hurtigbåten til Kalvåg

VINNAR: Svein Inge Fosse og Knutholmen vann årets reiselivspris i Sogn og Fjordane.

VINNAR: Svein Inge Fosse og Knutholmen vann årets reiselivspris i Sogn og Fjordane. Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

- Feil å investere millionar i Smørhamn, meiner Svein Inge Fosse. Sei di meining i botnen av saka!

DEL

Den dagen Bremanger 2 er sluttført og ferja sluttar å gå, bør hurtigbåtstoppen flyttast frå Smørhamn til Kalvåg, meiner Svein Inge Fosse – vel vitande om at han med utspelet stikk handa i eit kvepsebol.

I dag sit Bremanger hamn og næring i møte. Ei av sakene dei har på bordet er eit forslag om å ruste opp venteromsfasilitetane i Smørhamn for millionbeløp.

- Langt på veg bortkasta pengar, meiner turistvert og næringsaktør i Svelgen, Svein Inge Fosse.

Må satse der det bur mest folk

Til Firdaposten slår han fast at framtida ligg i å byggje opp under det rapporten om 45 minuttars-regionen har som kongstanke, nemleg å gjere store delar av Bremanger og Flora til eit felles bu- og arbeidsområde.

- Men då må vi rigge oss slik at vi blinkar ut samferdslepunkta våre der det bur mest folk slår han fast.

I går sende Fosse brev til rådmann Tom Joensen, med bøn om at ein vurderer å flytte anløpsstad for hurtigbåten til Kalvåg, framfor å satse millionar i Smørhamn. Fosse legg ikkje skjul på at det også vil tene næringsinteressene han sjølv har i Kalvåg. Men at den samla gevinsten for både Kalvåg og Florø er langt større enn dette.

- Seinast i går fekk vi på Knutholmen telefonar frå to overbooka hotell i Florø, med bøn om hjelp om å huse oljepersonell som trong overnatting. Hjelpe kunne vi sjølvsagt, men logistikken hadde vore svært mykje enklare om det gjekk hurtigbåtruter jamleg mellom Florø sentrum og Kalvåg. Det ville styrke Kalvåg, men det vil også styrke Florø som trafikknutepunkt og reisemål, slår Fosse fast.

Amtskaia mest naturleg

Han ønskjer no dialog mellom Bremanger kommune, Flora kommune og gjerne Sunnfjord 2020 og Fjord1, for å få planlegge framtidige båtruter som også innlemmar Kalvåg.

Han peikar på at Knutholmen i dag har lokale som eignar seg som venterom for båtpassasjerar, og at det finst godt eigna lokale også på Amtskaia.

- Kommunen eig jo allereie Amtskaia, så der er det heller ingen hindringar i vegen for å tenkje ei omlegging, meiner Fosse, som håpar at utspelet blir oppfatta som konstruktivt, og at det ikkje kokar bort i intern lokaliseringsstrid.

Utspelet får støtte frå Svelgen utvikling. Les meir i dagens utgåve av Firdaposten.

Artikkeltags