Vil diskutere samanslåing på kysten

Kåre Jarl Langeland.

Kåre Jarl Langeland. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Venstre-politikar Kåre Jarl Langeland meiner det er på høg tid at kommunesamanslåing i kystregionen blir sett på dagsorden.

DEL

Han viser til lanseringa av kommunesamanslåing i HAFS-regionen og Sogndal-Leikanger-Luster.

- Dette handlar om kva slagkraft og makt dei framtidige kommunane kan få til å utvikle seg, meiner Langeland.

Det gode samarbeidet om 45-minuttars regionen i ytre Sunnfjord og Nordfjord meiner han er eit godt grunnlag for å diskutere kva ein kan få til. Samarbeidet i regionråd, som til dømes i Nordfjord, har ikkje vore nokon suksess for Bremanger eller kysten sin del. Eit døme på det er Vågsøy sitt framlegg om at Nordfjord-rådet skulle prioritere utviklinga av kystvegen. Då vende kommunane i indre Nordfjord tommelen ned.

Artikkeltags