Gå til sidens hovedinnhold

Vil dele ut kulturpris for ungdom

Artikkelen er over 17 år gammel

BREMANGER: Kulturkontoret i Bremanger ønskjer kandidatar til Kulturprisen for Ungdom, som skal delast ut seinare i år.

Dei jobbar difor med å opprette ei eiga nettside der ein kan lese om prisen og leggje inn forslag på kandidatar.

Bremanger ungdomsråd vedtok i fjor å etablere ein kulturpris for ungdom, ein pris på lik linje med Bremanger kommune sin ordinære kulturpris.

Ungdomsprisen skal delast ut samstundes med den ordinære, under kommunestyremøtet i desember, og skal gå til ungdom som anten gjennom initiativtaking, ivrig dugnadsinnsats, idéskaping eller kunstnarlege prestasjonar har bidrege til eit rikare kulturliv i Bremanger kommune.

Prisen er på 5000 kroner.