Dagleg leiar i Direct Connect, Jan Tore Dannemark, forsikrar om at feilen kjem til å bli retta snarast, men at det i dette tilfellet ikkje var enkelt å måle seg fram til kor feilen konkret låg.
Dei leiger plass og batteri-backup hos eigar av Hatlesetnipa-masta, Telenor.
- Vi skal ikkje skulde på Telenor i denne saka. Vi har sendt ordre til ein montør som skal rette opp feilen så snart som muleg, understrekar Dannemark.
Dei beklagar opplevinga kundar har hatt av Direct Connect i dette tilfellet og vil gjerne rette opp inntrykket. Selskapet sin forretningsidé er nettopp å vere tilstades med tilbod om breiband-tenester i grisgrende strøk der dei store leverandørane ikkje er så ivrige på å tilby sine tenester.
Hatlesetnipa-sendaren har siste fem dagene vore mykje av/på og men no ser det ut til at den har vore stabilt oppe i 48 timar. Direct Connect har konstatert at repeater-sendaren som kunden og nokre fleire er tilkobla, gir alt for dårlege signal til dei som er tilkobla den.
Kommentarer til denne saken