Vil byte til seg Svelgen-kraftverk

Svelgen har lange tradisjonar for produksjon av el-kraft- Her ser vi den gamle kraftstasjonen ved verket i Svelgen.

Svelgen har lange tradisjonar for produksjon av el-kraft- Her ser vi den gamle kraftstasjonen ved verket i Svelgen. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Sogn og Fjordane Energi vil byte til seg eigarskap til kraftverka Svelgen 1 og 2 med Statkraft.

DEL

Statkraft Energi og Sogn og Fjordane Energi er samde om ein prosess for å avklare nødvendige premissar for byte av kraftverk. Selskapa ønskjer å rydde i krysseigarskap for å skape enklare og meir effektiv drift.

Ein eventuell bytehandel vil innebere at Statkraft Energi sel kraftverka Svelgen I og II til Sogn og Fjordane Energi / Svelgen Kraft, medan Sogn og Fjordane Energi sel sin medeigardel på 35 prosent i Leirdøla kraftverk til Statkraft Energi.

Svelgen Kraft leiger frå Statkraft og driftar kraftverka Svelgen I og II fram til 31.12.2030, samstundes som selskapet eig kraftverka Svelgen III og IV. Ved ein eventuell bytehandel vil ein få samla eigarskap til alle kraftverka i Svelgen.

- Kraftverka, særleg Svelgen 1, har behov for oppgradering. Dessutan blir det enklare å drifte og utvikle anlegga dersom vi har hand om alle, understrekar produksjonsdirektør i SFE, Ola Lingås.

Statkraft Energi eig frå før 65 % av Leirdøla kraftverk i Jostedalen og får såleis full råderett over dette kraftverket når medeigarretten vert kjøpt tilbake.

Partane er samde om å vidareføre prosessen med sikte på å inngå avtale medio 2013. I denne prosessen vil ein og ta omsyn til dei rettar Bremanger kommune har til Statkraft sitt utbytte frå Svelgen I og II, og til at bytehandelen må handsamast av Konkurransetilsynet, står det å lese i ei pressemelding.

Artikkeltags