- Vil bli utfordrande for øyafolket

Årets konfirmantar blir dei siste som får konfirmasjonsundervisning i skuletida. Her frå konfirmasjonen 28. april i år.

Årets konfirmantar blir dei siste som får konfirmasjonsundervisning i skuletida. Her frå konfirmasjonen 28. april i år. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Konfirmasjonsundervisning utanom skuletida blir ei tidsmessig utfordring for unge i øyane, meiner Gry Seim.

DEL

Eit nesten samrøystes Kultur og oppvekstutval (KUOP) gjekk i førre veke inn for å leggje konfirmasjonsundervisninga utanom skuletida, slik Human-etisk forbund har krevt.

Samstundes kan nettopp dette gjere det tidsmessig utfordring å vere konfirmant og bu på dei mange øyene i øykommunen Flora der ein er heilt avhengig av rutebåt, peikar Gry Seim (bildet) frå Kinn på.

- Båtane går ikkje så hyppig på ettermiddagen, og det er lite attraktivt å bli gåande rundt i Florø fram til klokka 20.00 om kvelden. Er dei med på idrettsaktiviteter eller musikkskule kan det fort bli mange lange florødager, som igjen kan gå utover prestasjon på skulen, seier Seim og strekar under:

- Eg forstår godt at det er diskusjon rundt dette temaet. Hadde dette berre dreia seg om ungdom på fastlandet, hadde det ikkje vore problem å legge konfirmasjonsundervisninga utanfor skuletida - men her må ein prøve å setje seg inn i situasjonen for ungdom ute på øyane også, seier ho.

Artikkeltags