Vikarar sprengde rammene

Terje Heggheim sto av det meste av kritikken i formannskapet mot kjempeunderskotet til Flora kommune. Her saman med ordførar Bente Frøyen Steindal og politisk sekretær Gunnvor Nygård.

Terje Heggheim sto av det meste av kritikken i formannskapet mot kjempeunderskotet til Flora kommune. Her saman med ordførar Bente Frøyen Steindal og politisk sekretær Gunnvor Nygård.

Artikkelen er over 8 år gammel

Kjøp av ekstrahjelp for å fylle opp turnushol og sjukmeldingar førde til rekordunderskot på Furuhaugane bu og servicesenter

DEL

Bruk av svenske vikarar, ekstrahjelp, overtid og kjøp av tenester frå private, forklarer det meste av det store overforbruket på Furuhaugane bu og servicesenter i fjor.

Dette kom fram i orienteringa frå rådmann Terje Heggheim, til Flora formannskap i tysdag. Samla kom meirforbruket på institusjonen opp i over 8.7 millionar kroner. Det står for godt over halvparten av fjorårets overaskande kjempeunderskot i Flora kommune som kom for dagen i førre veke.

3.3 millionar av dette var kjøp av hjelp frå svenske vikarbyrå for å fylle opp store hol i mannskapet etter kvart som institusjonen vart pressa til å tilby plass til langt fleire brukarar enn bygget var tenkt for. Vikarutgifter og ekstrahjelper elles utgjer til saman og over tre millionar kroner.

Ein grunn til at det har gått såpass gale er at det har vore uråd å få søkjar til stillingane som er blitt utlyste.

Artikkeltags