Fleire vil gå yrkesfag til hausten

Jentedag for yrkesfag. Jenta inni hjelmen er Ronja Reiakvam.

Jentedag for yrkesfag. Jenta inni hjelmen er Ronja Reiakvam. Foto:

47 fleire enn i fjor har søkt plass på vidaregåande.

DEL

Auken er i all hovudsak til yrkesfaglege utdanningsprogram, som no står for 56 prosent av søknadane til vg1. Og på yrkesfag er det auke i søkinga til design og handverk, elektrofag og teknikk og industriell produksjon (TIP), medan det er nedgang i søkinga til service og samferdsel. For studieførebuande fag er det auke i søkinga til musikk, dans og drama. Til dei andre utdanningsprogramma er det berre små forskjellar i søkjartala.

Stabile søkjartal

I alt er det 4051 søkjarar med ungdomsrett til vidaregåande opplæring i skule i Sogn og Fjordane skuleåret 2019–20, og 516 søkjarar med ungdomsrett til opplæring i bedrift. Det samla søkjartalet er 4567, fem færre enn i fjor.

418 søkjarar utan ungdomsrett har søkt dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Det er ein auke på 100 frå i fjor. Søkjarar utan rett kan få plass når dei vidaregåande skulane tek over inntaket i august, dersom det er ledige plassar.

Primærsøkjartala som i dag er offentleggjorde, syner førstevala til søkjarar med ungdomsrett. Tala viser altså ikkje fordelinga av søkjarane til det einskilde tilbodet ved inntak til vidaregåande.

Fleire søkjer læreplass i helsearbeidarfag

Sogn og Fjordane har intensjonsavtalar om 950 læreplassar i bedrift. Det er ein auke på 100 avtalar.

Det er i alt søkjarar til 51 ulike lærefag. Ein har intensjonsavtalar med bedrifter i 34 lærefag der ein i år ikkje har søkjarar og søkjarar til fem lærefag der ein ikkje har intensjonsavtalar med bedrifter.

 

Desse lærefaga har fleire søkjarar:

·         Helsearbeidarfaget +14

·         Røyrleggjarfaget +13

·         Salsfaget +7

·         Ambulansefaget +6

·         Bilskadefaget +5

 

Desse lærefaga har færre søkjarar:

·         IKT-servicefaget -10

·         Energimontørfaget -7

·         Kokkfaget -5

Artikkeltags