Ikkje skulefrukost i første omgang
Fylkestinget let seg ikkje overbevise.
Firdaposten skreiv denne veka om dei gode erfaringane frå Hordaland, der ein har brukt seks millionar kroner på å gje dei vidaregåande elevane frukost når dei kjem på skulen.
Fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap), meiner det kjem mykje godt ut av kronene ein brukar på frukost i form av auka læring og sosial utjamning.
Her i fylket var det Torbjørn Vereide (Ap) som forslaget på bordet, men med støtte frå berre SV Venstre og MDG var det ikkje råd å stille dei 400.000 kronene ein hadde trengt til tiltaket.