Grønnevik fekk ny tillit som fylkesleiar

Grønnevik skal styre Sogn og Fjordane Høgre i eitt år til. Bilete frå då han vart valt til leiar for to år sida.

Grønnevik skal styre Sogn og Fjordane Høgre i eitt år til. Bilete frå då han vart valt til leiar for to år sida. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Firdaposten har tidlegare meldt at fylkesvalsnemnda til fylkesårsmøtet i Høgre innstilte på at attval for Vidar Grønnevik. Fylkesårsmøtet gjorde som valnemnda meinte var best. Dei gav i helga Grønnevik ny tillit som fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre.

Dermed tyder alt på at han blir den siste leiaren i fylkeslaget si historie. Sogn og Fjordane og Hordaland skal som kjent slå seg saman i 2020, og det betyr at også fylkeslaga i Sogn og Fjordane og Hordaland Høgre jobbar med å slå seg saman.

Grønnevik er i denne omgang attvald for inntil eitt år.

Artikkeltags