Torggata er stengd

Victoriakrysset Markegata Torggata

Victoriakrysset Markegata Torggata Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Omkøyring til Kinnvegen om Livius Smittgata.

DEL

I dag tysdag er Trygve Ullaland AS i gang med det resterande arbeidet av Kinnvegen ned mot Sparebanken. Det er med andre ord ikkje mogleg å komme seg på Kinnvegen frå Victoriakrysset som vanleg, fortel dagleg leiar i Trygve Ullaland As, Thor Arne Ullaland tysdag.

- Men du kjem deg til Kinnvegen ved å køyre opp Livius Smittgata, og vidare mot Kinnvegen gjennom Michael Sarsgate, fortel Ullaland.

LES OGSÅ: Held fram i Torggata

Fristen for å få alt ferdig er 17. mai neste år. Då skal strekket frå sjukehuset ned Torggata, over Markegata og heilt til ankeret utforbi Sparebanken Sogn og Fjordane utbetrast. Dei skal også legge nye vass- og avløypsrøyr i same slengen.

- Etter kvart som vi arbeider, vil det nok bli forskjellige køyreløysingar alt etter kor vi grev henne. Eg vil difor oppfordre bilistane til å følge med på skiltinga, seier Ullaland.

Artikkeltags